HOPEHAV: Tor Høgmo ønskjer å samle årdøler til fest ei helg der ein også kan lære mykje nytt om bygda. Foto: Privat.
HOPEHAV: Tor Høgmo ønskjer å samle årdøler til fest ei helg der ein også kan lære mykje nytt om bygda. Foto: Privat.

Vil samle årdøler til fest og læring

Tor Høgmo håpar han klarar å samle årdøler for ein prat og samstundes lære noko nytt om bygda.

Årdal: Mannen bak den populære gruppa på Facebook «1424 Aordøl» tenkte i sitt stille sinn at når så mange som over 2000 årdøler var samla på ein plass på Facebook, så måtte det vera nokre felles interesser. 

– Eg tenkte det då kunne vera kjekt å få til noko der fleire kunne treffast ei helg i eit gildt lag. Eg byrja å jobba med eit program, og har no att eit par småting for at alt skal klaffe, men mesteparten er klart, fortel han.

SAMLA: Tor Høgmo ønskjer å samla årdøler til fest.
SAMLA: Tor Høgmo ønskjer å samla årdøler til fest.

Porten.no har tidlegare skrive om den svært populære Facebook-gruppa der årdøler syner fram gamle bilete dei har liggjande av bygda eller personar frå kommunen. 

Også den gongen byrja det heile med Høgmo sat og pusla, og på under tre veker hadde gruppa over 1000 medlemmar. Bakgrunnen var at han prøvde å finne ut meir om kopargruvene i Årdal.

– Denne første helga i juli er det lagt opp til eit program fredag og laurdag der ein treffast fredagen på Tya som ein kvelden før kvelden. Laurdag blir det båttur til Indre Ofredag, der Harald Thune fortel om kva dei har gjort der. Det er ein makalus flott tur uansett vêr.

– På kvelden blir det tilsvarande med Kristoffer Nystedt på Svalheim gard. I tillegg blir det aktivitetar, og eg håpar eg klarar å få tak i nokon som kan fortelja om koparverket som var i Årdal før i tida. Dette var på mange måtar den første industrialiseringa i Sogn, seier han.

Førebels har ikkje altfor mange meldt seg på, så Høgmo håpar folk vil nytte seg av Facebook-gruppa til å gi beskjed om at dei kjem. 

– Det er 2200 i gruppa som har interesse for det eine eller det andre. Kva kan me gjera saman? Eg får inderleg håpa at eg ikkje åleine med mine lyster, og blir det ein suksess, kan me gjere dette om att. 

Til toppen