SAMLE VESTLANDET: Fylkesordføraren i Hordaland kjem frå Årdal og bur i Bergen, ein bakgrunn ho ser som ein fordel i regionsarbeidet. – Eg opplever det som ein stor fordel å kjenne distrikta og korleis ein tenkjer der. Samtidig har eg budd i Bergen i tjue år, vore byråd der, kjenner næringslivet, byen og distrikta rundt. Det er noko med å kunne snakke språket både i byen og ute i distrikta, seier Anne Gine Hestetun (Ap). Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
SAMLE VESTLANDET: Fylkesordføraren i Hordaland kjem frå Årdal og bur i Bergen, ein bakgrunn ho ser som ein fordel i regionsarbeidet. – Eg opplever det som ein stor fordel å kjenne distrikta og korleis ein tenkjer der. Samtidig har eg budd i Bergen i tjue år, vore byråd der, kjenner næringslivet, byen og distrikta rundt. Det er noko med å kunne snakke språket både i byen og ute i distrikta, seier Anne Gine Hestetun (Ap). Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Vil samle Vestlandet som motvekt mot Oslo

Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) vil jobbe hardt for å samle Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til éin region, men reknar med lite draghjelp frå Oslo.

Årdal: Fylkesordføraren har gått i bresjen for at dei tre vestlandsfylka skal finne saman i ein større og sterkare vestlandsregion.

– Dagens fylkesstruktur evnar ikkje å få den krafta ut av Vestlandet som Vestlandet fortener. Ser ein på statlege etatar som helse og vegvesen, har dei valt større strukturar. To heng igjen, Fylkesmannen og Nav, seier Hestetun.

Styrkje mot aust

Både Vestlandet og heile landet er tent med ein region som kan stå sterkt mot det indre austlandsområdet, meiner ho.

– For å gi eit bilete: Eg var på ein middag under årskonferansen til NHO. Blant fleire hundre personar kunne eg telje dei som ikkje kom frå makteliten i Oslo. Det fortel meg noko, og det motiverer meg. Det handlar om å få ei god motvekt mot Oslo-regionen og få meir nyanserte løysingar på utfordringar landet vårt står overfor.

Hestetun er tydeleg på at endringar i det regionale nivået fordrar at fleire oppgåver blir lagde til regionane.

– Det må vere ei relevant tenesteyting. Fleire tenester til regionane, seier ho.

Dei tre vestlandsfylka har også utfordringar og interesser lokalt som ein er tente med å samarbeide om, meiner fylkesordføraren, og nemner prosessar rundt ferjekjøp og kompliserte innkjøpskrav som eit døme. Ei styrking av regionnivået handlar dessutan også om ei demokratisk styrking, ifølgje Hestetun.

– Mange prosessar er i dag ikkje underlagt politisk styring. Difor er det viktig å få revitalisert dette demokratiske nivået.

– Må vere rause

Men kor enkelt blir det for vestlendingane å samarbeide? Politisk redaktør i Bergens Tidende Frøy Guldbrandsen skriv i ein kommentar at myten om den bergenske arrogansen kan verke øydeleggjande for ein vestlandsregion. Årsmøtet i Rogaland Frp stilte seg på si side positive til Hordaland, men var skeptiske til eit samarbeid med heile Sogn og Fjordane. Gjennom arbeidet i Vestlandsrådet var erfaringa at fylket har «ein litt annan kultur og litt andre målsetjingar enn oss», uttalte gruppeleiar i Rogaland Frp Terje Helleland til NRK.no.

– For meg handlar dette om ein posisjoneringsdebatt. Les du årsmøtevedtaket i Hordaland Frp strekkjer dei seg til Sogn og Fjordane, seier Hestetun, og viser til at posisjoneringa her dreier seg om dei største byane Stavanger og Bergen.

– Denne reforma er avhengig av at storbyane – og byane og distrikta – er rause seg i mellom. Her må vere mat som gjer at alle kan få sitt. Det ser eg ikkje problem med.

Hemsedal vs. Hardangervidda

Sjølv gjekk ho mot synet til mange i eige fylke då ho flagga at ho er for riksveg 52 over Hemsedal som det andre hovudsambandet mellom aust og vest, og ikkje riksveg 7 Hardangervidda.

– Mitt utgangspunkt for å reise den debatten, handla om regionbygging. Vi er ikkje tente med å ha to sørgåande aksar og ikkje ein i nordregionen. Skal vi klare å få til ein velfungerande aust-vest- og nord-sør-forbindelse, er det viktig.

Dette handlar om å ta ei leiarrolle og utfordre i vanskelege spørsmål, meiner ho.

– Den største trusselen er kanskje få til eit kompromiss med embetsverket i Oslo. Ein ser på høgskule, helse, vegstell, det å få meir over innan kultur, kanskje innovasjon. Det ligg mykje ute i dagen. Eg trur kanskje Oslo er redde for at Vestlandet kan bli for sterkt, seier Hestetun.

– Tida overmoden

Også for nokre år tilbake blei det teke initiativ til å danne ein større vestlandsregion. I 2008 stranda likevel regionreforma. Kva er annleis no?

– Tida gjer noko med oss. Dette handlar om modning, og no er det overmodent, meiner Hestetun.

Nyleg vedtok fylkestinget i Hordaland å oppnemne eit forhandlingsutval som skal setje i verk samtalar med dei andre vestlandsfylka. Målet er å forhandle fram ein intensjonsavtale for ein utvida vestlandsregion før sommaren.1. april kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) med si oppgåvemelding knytt til nye regionar.

– Regjeringa har bestemt at regionreforma skal sluttførast innan 2016. Eg tek tidsplanen på alvor, seier ho.

Sett opp imot at Vestlandet er inne i ein tøff periode, kjem arbeidet mot ein større region på eit gunstig eller ugunstig tidspunkt?

– Eg tenkjer at det alltid er greitt å gjere endringar i ei tid då ein har kniven litt på strupen. Det tvingar oss til å tenkje alternative løysingar, seier Anne Gine Hestetun. (©NPK).

Til toppen