TILTAK: Fylkesordførarkandidat Trude Brosvik støttar Bøthun og argumenterer for at fleire studie- og fagskuleplasser er viktige tiltak for å stagge sentraliseringa.
TILTAK: Fylkesordførarkandidat Trude Brosvik støttar Bøthun og argumenterer for at fleire studie- og fagskuleplasser er viktige tiltak for å stagge sentraliseringa.

Vil satse på høgskulemiljøet i Sogn og Fjordane

Tysdag hadde ordførarkandidat Frode Bøthun (KrF) og fylkesordførarkandidat Trude Brosvik (KrF) besøk av partileiar Kjell Ingolf Ropstad i Sogndal.

Sogndal: – Vi skal satsa på mindre og spesialiserte studiestader over heile landet, noko som vil bidra til nyskaping og tilgang på høg kompetanse også utanfor dei store byane. Det er viktig for KrF, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i ei pressemelding etter sitt besøk i Sogndal på tysdag.

Regjeringa har løyvd midlar til over 300 nye studieplassar for 2019. og KrF sin ordførarkandidat i Sogndal, Frode Bøthun, legg ikkje skjul på at han er skuffa over at ingen av desse plassane kom til Sogn og Fjordane.

– I Sogndal har vi lagt lista for korleis ein kan lukkast med eit høgskulemiljø utanfor storbyane. Då forventar vi at alle partar støttar satsinga vidare, seier Bøthun i ei pressemelding.

Viktig distriktspolitikk

Fylkesordførarkandidat Trude Brosvik støttar Bøthun og argumenterer for at fleire studie- og fagskuleplasser er viktige tiltak for å stagge sentraliseringa.

Ho viser til at studentane blir verande i det fylket dei har studert i.

– Det er ekstremt viktig at alle no legg seg i selen for å lukkast med at Høgskulen på Vestlandet framleis blir ein desentralisert høgskule med god kvalitet på alle campusane, seier Brosvik.

Til toppen