Sogndal: – Dette er eit masterprogram som starta ved høgskulen no i haust der ein skrapa saman midlar for å få i det i gang. Me vil ha fleire studieplassar på denne masteren og øyremerkjer såleis midlar til 25 plassar her seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre.
Studiet «Master in Climate Change Management», eller klimatilpassing på betre norsk, hadde god søking då det starta opp i Sogndal haust. Men framtida for denne masteren framstår usikker - kor vidt det vil vera pengar til å vidareføra satsinga er uvisst. Difor vil altså Venstre gje pengar til 25 studieplassar ved denne masteren, som Rotevatn meiner er ei viktig og riktig satsing.
Klimasmart åtferd, skredsikring av fylkesvegar og meir til breiband i distrikta
– Det er eit veldig interessant studie. Ein utdannar folk til samfunnsplanlegging på ein måte som møter dei klimaendringane som kjem. Det er snakk om utvikling av tettstader og bygging av hus slik at ein er betre rusta ved flaum, skred og andre typar ekstremvêr, seier Rotevatn.
Mellom anna viser han til dei katastrofale følgjene flaumen for to år sidan fekk i først og fremst Flåm og Odda, men også medførte store skader i Lærdal og Årdal.

– For å driva god samfunnsplanlegging her må ein forstå klimaendringane og korleis dei verkar på oss. Det ligg spesielt godt til rette for å vidareutvikla eit slikt studie i Sogndal ettersom det er stor kompetanse her frå før på dette området. Me har fått ganske klare signal på at høgskulen får trøbbel med å vidareføra studiet utan friske midlar. Desse midlane vil altså me gje.
Andre satsingar i Venstre sitt alternative statsbudsjett er, mellom anna:
- Solide avgiftslettar på hybridbilar og skattefrådrag for klimasmart åtferd
- 100 millionar kroner meir til skredsikring av fylkesvegar
- 56,3 millionar kroner meir til utbygging av breiband i distrikta.