KULTURMINNE: I Indre Ofredalen har det i sommar vorte jobba mykje med bygningsmassen for å bevara kulturminna som er der. Arkivfoto: Siren B. Svortevik.
KULTURMINNE: I Indre Ofredalen har det i sommar vorte jobba mykje med bygningsmassen for å bevara kulturminna som er der. Arkivfoto: Siren B. Svortevik.

Vil sikre fleire kroner til kulturminne i fylket

Både privatpersonar, lag og organisasjonar kan søka tilskot til å setja i stand kulturminne.

Årdal/Lærdal: I Sogn og Fjordane er det flest med slike kulturminne, og endå større er kanskje talet på stønadsordningar. Difor arrangerer no fylkeskommunen, Fjaler kommune og Huset i bygda kurs i søknadsskriving.

– For eigarar av kulturminne kan det vere vanskeleg å finne fram til dei stønadsordningane som finst. Me i fylkeskommunen er opptekne av at alle kulturminna i fylket vert tekne best mogleg vare på og haldne ved like.

– Difor vil me gjerne hjelpe til med å informere om tilskotsordningar og med råd om korleis ein kan utforme gode søknadar, seier rådgjevar Arlen Bidne i fylkeskommunen.

Les også: Ser på stifting som ei løysing på å bevare «Ne fø' sjøen»

Ho nemner Norsk kulturminnefond, Ta et tak-ordninga til stiftinga Norsk kulturarv og ulike private fond som døme på kvar ein kan søkje om pengar til å setje i stand kulturminne.

Kurset finn stad 30. september i Dale, og både privatpersonar, lag og organisasjonar kan delta.

Til toppen