PÅSKETRAFIKK: Påske er høgsesong for feriereiser, noko som gjer at risikoen for trafikkulykker er større. Foto: Ron Holan.
PÅSKETRAFIKK: Påske er høgsesong for feriereiser, noko som gjer at risikoen for trafikkulykker er større. Foto: Ron Holan. (Foto: Ron Holan)

Vil sikre trygg ferdsel til påskefjellet

Vegvesenet ber folk ta omsyn til både vêr, føre og lause gjenstandar i bilen for å vere trygge i påsketrafikken.

Årdal/Lærdal: – Mange har det uforståeleg travelt i påsketrafikken, vi vil at alle skal kome seg trygt både fram og heim, seier vegdirektør i Statens vegvesen, Terje Moe Gustavsen.

Påske er høgsesong for feriereiser, noko som gjer at risikoen på vegane er større.

Dei siste ti åra har det i gjennomsnitt vore 143 alvorlege ulykker med over fire drepne og 18 hardt skadde i påsketrafikken. I 2015 mista éin livet i påsketrafikken, medan tolv personar blei skadde, ifølgje vegvesenet.

– Høgare risiko

For høg fart, manglande bruk av bilbete og hasardiøs forbikøyring – som er typisk for påsketrafikken – gjev dramatisk høgare risiko både for sjåførane sjølv og andre medtrafikantar.

Varierande føre er òg ein fare i påsketrafikken. Påsketuristar som skal til fjells må sørgje for riktig val av dekk, og ta omsyn til vêr og føre. Sjølv om fint vêr i låglandet, så kan det bli både frost, snø og uvêr på fjellet, skriv Statens vegvesen.

Tidleg påske, slik som i år, kan også gje eit meir uføreseieleg føre og vêr.

Åtvarar mot lause gjenstandar

Vegdirektøren minner òg om farane ved å ha lause ting i bilen dersom ein plutseleg må bråbremse. Ein laus skisko kan bli livsfarleg dersom ein pakkar bilen feil på tur til påskefjellet.

– Ved ei ulykke eller bråbrems vil usikre gjenstandar bak eller oppå bilen bli slynga framover og utgjere ein stor fare for deg sjølv og passasjerane. Mangelfull og dårleg sikring av last i bil førte til at skadeomfanget blei større i om lag 20 dødsulykker dei siste fem åra, seier Gustavsen.

Han fortel også at vegvesenet kjenner til ulykker der personar har overlevd sjølve kollisjonen, men omkome etter å ha blitt treft av usikra last i bilen.

Det er store krefter som blir sett i sving ved ein kollisjon. Dersom du kolliderer med ein fart på 100 km/t vil ein iPad som veg om lag 0,6 kilo, få ei kraft som svarar til eit hammarslag på 72 kilo. Dersom farten vert dobla, så vert krafta firedobla.

– Det bør du tenkje på når du slenger inn handleposar eller ein bag i baksetet. iPad, laptop og videoskjermar må enten bli monterte fast, eller vente med å bli tatt i bruk til ein er framme, seier Gustavsen. (©NPK)

Til toppen