LIKE FØR: Sist torsdag var nest siste formannskap, før kommunestyremøtet 17. desember, då både budsjettet for 2016 og økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019 skal opp til handsaming. Gunn Beate Sjøthun (Sp) (f.v), Jan Geir Solheim (Sp), Trond Øyen Einemo (H), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen
LIKE FØR: Sist torsdag var nest siste formannskap, før kommunestyremøtet 17. desember, då både budsjettet for 2016 og økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019 skal opp til handsaming. Gunn Beate Sjøthun (Sp) (f.v), Jan Geir Solheim (Sp), Trond Øyen Einemo (H), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen

Vil sjå kuttalternativ til leirskule og kor mykje brukarbetaling utgjer

Forslaget om å kutte leirskule for 7. klassingane og innføringa av brukarbetaling for kommunale bygg, var hovudtema då formannskapet diskuterte innspela til dei økonomiske kutta kommunen står over dei neste fire år. 

Lærdal: Formannskapet gjekk sist torsdag gjennom innspela til budsjettet for 2016 og økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019, etter at dei har vore ute på høyring. Saka skal opp i kommunestyret 17. desember. 

Dei gjekk inn for å ta merknadane med seg, men ønskjer ei oversikt over kor mykje ein tenar på å innføre brukarbetaling på kommunale bygg og ei vurdering av alternativ til innsparingar i Oppvekst, for å vurdere om 7. klassane i Lærdal kan reise på leirskule. 

Øyri skule er alt høvla til beinet

Leirskulen er rekna til 70.000 kroner, og er ein tur for alle 7. klassingane i Lærdal før dei tek til på ungdomsskulen, noko elevrådet ved Ljøsne skule og skuleutvalet (SU) ved Oppvekst Ljøsne ønskte at kommunen revurderer å kutte. 

 Gunn Beate Sjøthun (Sp) peikar på at Lærdalsøyri skule skal spare 950.000 kroner, noko som utgjer stillingar. 

– Poenget er at på Øyri har me teke vekk tur til Jotunheimen og avslutningstur til England. Me kjøper ikkje nye bøker og held kopiering på eit minimum. Og no foreslår me å kutte også fellesturen for 7.klassingane, seier ho. 

Alf Olsen jr. forklarar at det ligg ein prosess bak, der alternativet er å finne innsparingane andre plassar. Han meiner at det er ei grense for kor djupt politikken skal gå inn i faglege vurderingar, og at å kutte meir blant dei tilsette har større konsekvensar enn å kutte ein skuletur. 

– Sitt langt inne å ta bort alt kjekt 

Kåre Mentz Lysne (Ap) støttar Sjøthun, og seier at det sit langt inne å ta bort alt som er kjekt, då det har med trivsel og oppvekst å gjere. Både ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og Trond Øyen Einomo (H) seier at det handlar om det sosiale ved turen, der Einemo speler inn at det går an å finne eit lokalt turalternativ. 

– No har me hatt fokus på dei store kutta, der me snakkar 20 millionar. Det blir feil om me skal bruke meir tid på desse småsummane, seier Lysne, som ønskte at administrasjonen skal finne alternative innsparingar til skuleturen, som kan blir lagt fram i kommunestyret. 

– Vanskeleg å forsvare 

I merknadene til budsjetta, reagerte Borgund Utvikling på forlaget om å ta betaling for leige av samfunnshus og svømmebasseng, då dei meiner dette bør bli leigd ut gratis til  frivillige lag og organisasjonar. 

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) tykkjer det er vanskeleg å forsvare noko som er så lite inntektsbringande. Rådmann Alf Olsen jr. seier at ein kan legge vekk betaling for bruk av kommunale bygg, men at det då må koma politiske signal no. 

– Det viktigaste er det prinisielle, alle må bidra, seier Olsen jr. 

Solheim ser at rådmannen har eit poeng, men tykkjer samstundes det er viktig å dyrke det frivillige i nedgangstider. Både Lysne, Vanberg og Einemo, seier dei vil sjå tala for kor mykje brukarbetaling for kommunale bygg utgjer, før dei tek ei avgjerd. 

Tek med seg vidare

Solheim ønskte også, etter å ha vore på juleverkstad på Ljøsne skule, å få ei meir reell vurdering av kva renoveringar vil koste til skulebruksplanen, slik SU og FAU ved Ljøsne skule har bede om. 

– Eg såg bygningane, og det er høgst truleg dei har eitt godt poeng, seier han. 

Solheim la også til at innspelet om lærlingplassar og behov for fagarbeidarar, er eit positivt og godt innspel frå Fagforbundet. Einemo peikar også mellom anna ein har vedtak på at Tekniske tenester skal ta betalt for kart, noko ein må gjennomføra i staden for å auka prisen på mellom anna sjølvkost. Solheim meinte at dette var noko ein runde på, for å sjå om det er meir å hente. 

Til toppen