STORT OPPMØTE: Dei fleste interesseorganisasjonane hadde møtt opp for å diskutera aktivitetstilbod til fleire generasjonar. Foto: Ingvild Nyheim.
STORT OPPMØTE: Dei fleste interesseorganisasjonane hadde møtt opp for å diskutera aktivitetstilbod til fleire generasjonar. Foto: Ingvild Nyheim.

Vil skapa attraktive møteplassar for fleire generasjonar

Heile 15 av 20 organisasjonseigde kulturbygg var representert på regionsamling for å diskutera attraktive tilbod og møteplassar for fleire generasjonar.

  • Endret

Det var godt oppmøte på regionsamlinga til «Huset i bygda» i Farnes ungdomshus tysdag. 25 deltakarar frå 15 ulike organisasjonseigde kulturbygg var med.

«Huset i bygda» håpar at denne regionsamlinga kan vere ein start på eit vidare samarbeid og nettverk mellom dei lokale laga, og mellom laga og kommunen. 

– Eldsjelene i bygga sit med mykje kompetanse, erfaring og idear. Det er viktig med vidare samarbeid og erfaringsutveklsing mellom personane i laga, fortel Ingunn Nyheim i organisasjonen. 

– Når me veit at det er om lag 20 ulike organisasjonseigde kulturbygg i kommunen, er det imponerande godt oppmøte med 15 av desse bygga representert, legg Nyheim til. 

Kommunen vil bidra

Årdal kommune stilte med to representantar på møtet; folkehelsekoordinator Steinar Drægni og Stine Maren Måren frå teknisk etat.

Dei informerte og inspirerte huseigarane. Mellom anna kom det fram eit forslag om å få til samarbeid mellom huseigarar for å unngå kollisjonar i arrangementa, samt å synleggjere aktiviteten i alle desse bygga.

Kommunen ynskjer å hjelpe laga med både byggjesaker, søknader og universell utforming av bygga.

– Avgjerandre brikker

Eit stort mangfald av organisasjonar og bygg deltok, blant anna Båtlaget, Folkehjelpen, Sogelaget, Tangen køyre- og rideklubb, Hugin Musikkforum, Avdal og Utladalen gard, idrettslag, skyttarlag, samt dei lokale ungdomslaga. 

– Dette er interesseorganisasjonar som skapar attraktive tilbod og møteplassar for alle generasjonar i Årdal. Eldsjelene i desse laga legg ned enorme verdiar gjennom frivillig dugnadsarbeid ved å halde vedlike og utvikle bygga, og ikkje minst skape aktivitet, trivsel og sosiale møteplassar.

– Desse bygga er avgjerande brikker i det totale tilbodet og i det førebyggande folkehelsearbeidet i Årdal kommune, seier Nyheim.

Neste regionsamling skal vera i Lærdal 29. september.

Til toppen