Vil skapa ein god bustadmarknad i Lærdal

Lærdal Næringsutvikling er for tida i gong med eit kartleggjingsprosjekt av bustadbehovet i Lærdal. 

Lærdal: Bustad er eit satsingsområde i omstillingsarbeidet og er noko kommunen er oppteken av elles. Målet er no å gjennomføre eit forstudium for å få fram status. Dette skal vere base for avgjerdsgrunnlag for vidare arbeid. 

På denne måten skal ein best leggje til rette for vidare bustadutbygging og utnytting av eksisterande bustader, forklarar Arve Tokvam som er dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling.

HANDLINGSPLAN: Arve Tokvam forklarar at målet er å ende opp med ein bustadpolitisk handlingsplan for Lærdal. Arkiv
HANDLINGSPLAN: Arve Tokvam forklarar at målet er å ende opp med ein bustadpolitisk handlingsplan for Lærdal. Arkiv

– Aktivitetane i prosjektet er først og kartleggja det som finst av eksisterande bustader for sal og utleige og få oversikt over eksisterande byggeplanar. Det er like viktig å gjera bustadkartleggjing for aktuelle tilflyttarar om kor dei vil bu og type bustad, seier Tokvam.

Lite tilrettelagt

Eit anna element, forklarar han, er å sjå på areal for framtidig utbygging. Målet er å ende opp med ein bustadpolitisk handlingsplan for korleis ein skal jobba heilskapleg og målretta for ein god bustadmarknad. 

– Det er lite tilrettelagt for bustad i Lærdal. Folk har hatt det vanskeleg med å få tak i bustad. Dette er heilt klart eit prosjekt for å møta vekst i folketalet. Me må visa i praksis ved å leggja til rette for dei som vil flytta til Lærdal.

Risiko

Dette heng vidare saman med næringsutvikling. Ein kan ikkje leggja til rette for vekst dersom ikkje desse to tinga heng følgjer kvarandre. Samstundes er ein avhengig av at aktørar går i gong med prosjekt. 

– Når folketalsutviklinga er som ho er, handlar det om risiko. Det er litt som høna og egget. Kva skal koma først? Skal du vera bustadkommune, må ein byrja ein plass, og då må ein ta noko risiko, seier Tokvam. 

Til toppen