KONSERT: Ketil Thorbjørnsen, Øyvind Aga og Ørjan Lindborg skal spele konsert på Tya onsdag kveld. Foto: Arkiv. 
KONSERT: Ketil Thorbjørnsen, Øyvind Aga og Ørjan Lindborg skal spele konsert på Tya onsdag kveld. Foto: Arkiv. 

Vil skapa noko kulturelt midt i veka

Onsdag kveld spelar Ketil Thorbjørnsen, Øyvind Aga og Ørjan Lindborg akustisk konsert på Tya. 

Årdal: Trioen håpar på å samla fullt hus onsdag kveld når dei for første gong spelar på Tya Bakeri. 

– Det pleier å vera ganske daudt midt i veka, difor ønskjer me å få i gang noko kulturelt som vanlege arbeidarar og foreldre kan nyta på ein heilt vanleg kvardag, seier Ketil Thorbjørnsen.

 – Fantastisk lokale

Thorbjørnsen, Aga og Lindborg skal spela på akustiske instrument med ein ny vri på låtene. 

– Dette er ein fin moglegheit for familiefolk å ta seg ein liten tur ut midt i veka utan at ein må vera ute til langt på natt. I tillegg er Tya eit fantastisk lokale. Dei satsar veldig og er flinke på det dei gjere, seier Thorbjørnsen. 

Les også: Årdal Blueslag med forslag om nytt midtveketilbod

Han meiner det er viktig å støtta opp om folk som vil få til noko i bygda og håpar kulturelle kveldar midt i veka kan bli ein tradisjon. 

– Me prøver å få til noko liknande som Årdal Blueslag gjorde på Utla Cafè. Det var heilt supert, seier Thorbjørnsen. 

Spelar inn plate

Konserten onsdag kveld vert ein smakebit på den kommande plata som gjengen driv å spelar inn og som er blir produsert av Alf Magne Hillestad. 

– Det blir litt andre versjonar på songar enn det me har hatt tidlegare, seier Thorbjørnsen. 

På Tya er det plass til mellom 40 og 50 personar og trioen håpar på fullt hus onsdag kveld. 

Til toppen