FISKEKONKURRANSE: Denne karen deltok på fiskekonkurranse på Torolmen i fjor. Laurdag gjentek ÅJFF tradisjonen. Foto: Privat.
FISKEKONKURRANSE: Denne karen deltok på fiskekonkurranse på Torolmen i fjor. Laurdag gjentek ÅJFF tradisjonen. Foto: Privat.

Vil skape fiskeinteresse med konkurranse

Årdal Jeger og Fiskerforening lokkar med flotte premiar for dei som gjer det mest i fiskekonkurransen laurdag. 

Årdal: Også i år inviterer foreininga til fiskekonkurranse på Torolmen. Dei siste åra har dette blitt til ein tradisjon, der store og små prøver fiskelykka.

– Det blir som før. Det vil seia at det startar 12.00, og då kan ein fiska i Torolmen, Holsbru og Biskopen og vatna rundt. Etter nokre timar er det innlevering av fangst og kåring av vinnar, fortel leiar i Årdal Jeger og Fiskerforening Vidar Moen. 

Det er mange som er interessert i konkurransen, og det er ganske bra oppmøte kvart år. Dei yngste får gratis pølser, og Damvoktaren held ope slik at ein får kjøpt mat og drikke.

– Me gjer dette for å aktivisere hyttefolket, og ungar spesielt. Me prøver å skape interesse for fisking, slik at ungane får prøvd dette, seier Moen og vedgår at dei sjølve må gjere ein betre jobb å hanke inn ungdommen som medlemmar. 

Alle kan delta, og dersom ein ikkje har fiskeutstyr, kan ein få lånt dette. Og kven veit, det kan vere at du reiser heim med nytt fiskeutstyr. 

– Det er fine premier. Me har fått ein del gåver frå sportsbutikkane i Årdal, samt ein del fiskestenger frå forbundet. 

Til toppen