SAMARBEID: Rådmann i Lærdal Alf Olsen Jr. skal diskutere eit tettare samarbeid om barnevernstenesta i Lærdal, Årdal og Aurland. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
SAMARBEID: Rådmann i Lærdal Alf Olsen Jr. skal diskutere eit tettare samarbeid om barnevernstenesta i Lærdal, Årdal og Aurland. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Vil slå saman barnevernet i Lærdal, Årdal og Aurland

I juni skal rådmennene i dei tre kommunane møtast for å diskutere ei felles løysing for barnevenstenesta. 

Lærdal: I dag har Lærdal kommune ein vertskommuneavtale saman med Aurland. No ønskjer dei å få til ei liknande ordning med årdølene. 

– Både frå Aurland og Lærdal si sida er det ønskje om å diskutere ei løysing for alle tre kommunane. Slik eg oppfatta det, er også Årdal interessert i dette, seier Alf Olsen Jr. rådmann i Lærdal. 

Dei tre rådmennene skal ha møte i juni for å diskutere om det er grunnlag for eit utvida samarbeid. 

– I første omgang er dette for å undersøke om det er interesse for dette. Alle tre kommunane har nokre ved tak bak oss som seier at me på sikt skal jobbe for ei slik løysing, seier Olsen. 

Vanskelege i små bygder 

Barnevernsaka i Naustdal kommune der eit foreldrepar vart fråtekne dei fem borna sine etter ei uromelding har skapt stor internasjonal merksemd. Den vesle kommunen har eit folketal på 2.713. Her er det rådmannen i kommunen som er leiar for barnevernet, og ikkje barnevernsleiar slik som i Årdal kommune. 

– Me har ei heilt anna organisering enn i Naustdal. Men det er uansett vanskelege oppgåver og saker å jobba med i ei lita bygd der alle kjenner alle, seier Olve Fossedal, rådmann i Årdal. 

NRK skreiv tidlegare i vår at mora som vart fråteken borna i Naustdal gjekk i same klasse som barnevernsleiaren i kommune. 

Barne- og likestillingsminister, Solveig Horne (Frp), uttala like etter til NRK at eigne barnevernskontor i kommunar som Naustdal med under 3000 innbyggarar er altfor små. 

– Det er tryggare å vere i større miljø. Både med tanke på tryggleiken til familiane, og ikkje minst tryggleiken til dei tilsette, sa Horne.

Likevel seier Rådmann i Lærdal at samtalene med Årdal skjer uavhengig av det som har skjedd i Naustdal. 

– I små kommunar støter ein på denne type problemstillingar som dei har i Naustdal. Dette er noko ein må vere bevist på, seier Olsen. 

Sikre kvaliteten 

Bakgrunnen for samtalane er at dei to barnevernskontora ønskjer å sikre kvaliteten på tenestane sine og få eit godt og velfungerande fagmiljø. 

– Me ser at barnevernskontora blir litt for små i nokre samanhengar. Til dømes i forhold til ferieavvikling og ved sjukemeldingar. Dersom me får eit større miljø rundt det, så får me eit betre grunnlag for å handtera dette, seier Olsen. 

Han meiner det er ein sjølvfølgje at det er meir fagleg stimulerande å jobba innanfor eit større miljø. 

– Me har erfaring med at det kan vere vanskeleg å jobba med enkeltsaker i små kommunar. Dette er også noko av det som talar for å slå saman kommunar i slike tenester, seier Olsen. 

Har vore diskutert før

Ideen om å samarbeida på tvers av dei tre kommunegrensene har vore diskutert tidlegare utan at det var noko av. 

– Det er ulike grunnar til at dette ikkje var noko av før, men no har me valt å ta opp igjen den tråden. Større miljø er betre enn små einingar, seier Fossedal. 

Fleire på kontoret gir ulik kompetanse, noko som alltid vil vera ein styrke i vanskelege barnvernsaker. 

– Det å samarbeide med Lærdal og Årdal er naturleg. Me har eit godt geografisk samband og kommunikasjon. Kva som blir resultatet frå samtalane er for tidleg å sei. Eg har trua på at det er mogleg å få til eit større fagleg miljø på tvers av kommunegrensene, seier Fossedal. 

– Korleis vil oppgåvene bli fordelt mellom dei tre kommunane?

– Lokalisering, som me veit, fører ikkje fram til nokon ting. Her må me sjå om det er grunnlag for å i det heile teke er eit fagleg grunnlag for å jobbe vidare med dette, avsluttar Fossedal. 

Til toppen