SAMANSLÅING: Regjeringa ønskjer å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
SAMANSLÅING: Regjeringa ønskjer å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde. Foto: Ina Eirin Eliassen.  (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen)

Vil slå saman Sogn tingrett

Regjeringa foreslår å oppretta ny Sogn og Fjordane tingrett som skal erstatta dei to tingrettane i fylket. 

Sogndal: Det går fram av ei pressemelding frå Domstoladministrasjonen i samband med framlegginga av statsbudsjett for 2017. 

Forslaget går ut på å ha éin domstol med hovudsete i Førde, men at ein framleis opprettheld dagens kontorstader og rettstader. Med utgangspunkt i dagens bemanning vil det då vere om lag 20 tilsette i den nye tingretten. 

God dialog

Det er Stortinget som tar ei avgjerd i samband med statsbudsjettet, men direktør for Domstoladministrasjonen, Sven Marius Urke, er nøgd med forslaget om samanslåing. 

– Dette vil gi eit sterkare fagleg miljø og betre utnytting av ressursane. Eg vil gi ros til sorenskrivar Terje Mowatt. han er for tida domstolleiar for begge tingrettane og har utført oppgåva på flott måte, seier Urke i pressemeldinga. 

– Avgjerande for prosessen har vore full oppslutnad om samanslåing hjå dei tilsette og hjå dei profesjonelle aktørane. På dette grunnlaget har dei politiske organa i Sogn og Fjordane stått samla bak samanslåinga. Dette har gjort det betydeleg enklare for regjeringa å fremja forslaget, legg han til.

Reknar med Stortinget seier ja

Sorenskrivar Mowatt seier samarbeidet med dei ulike partane har vore godt.

– Domstolane står føre store utfordringar, mellom anna gjennom heildigitalisering av sakshandsaminga. Ein samanslått domstol i Sogn og Fjordane vil koma med i første fase av denne kraftige moderniseringa av domstolane. Det er svært positivt for domstolane sine brukarar og aktørar i fylket. Eg er difor svært tilfreds med regjeringa sitt forslag og reknar med det går gjennom i Stortinget. 

Til toppen