KRITISK: Det er fleire kvinnelige prestar i Sogn prosti. Likevel vurderer Mikael Bruun å slutta som prest om han må samarbeida med kvinnelege kollegaer.
KRITISK: Det er fleire kvinnelige prestar i Sogn prosti. Likevel vurderer Mikael Bruun å slutta som prest om han må samarbeida med kvinnelege kollegaer. (Bjørn Sølsnæs/Sogn Avis)

Vil vurdera å slutta som prest om han må jobba med kvinner

– Prestetenesta er øyremerkt menn. Når me les Guds ord, så tenkjer me at guds ord er evig, uforanderleg, står fast og kan ikkje endrast, seier Mikael Bruun.

Sogndal: – Prestetenesta er øyremerkt menn. Når me les Guds ord, så tenker me at guds ord er evig, uforanderleg, står fast og kan ikkje endrast, seier Mikael Bruun til NRK.

Bruun er sokneprest i Sogndal. 

Han var gjest i Dagsnytt 18 denne veka. Der gjentok han at han ikkje vil samarbeida med kvinnelege prestar. 

Debatten har blussa opp at etter at Stig Lægdene, domprost i Tromsø, skreiv i Vårt Land at Den norske kyrkja «legitimerer kvinnediskriminering» når dei gjer det mogleg å reservera seg mot å samarbeida med kvinnelege prestar. 

SOGNDAL KYRKJE: Mikael Bruun er sokneprest i Sogndal kyrkje. Foto: Ukjend

– Handlar ikkje om kvinnesyn 

Til NRK seier Bruun at sjølv om det har eksistert kvinnelege prestar i 60 år er det likevel nær 2000 år der det ikkje har vore kvinnelege prestar. 

– Likestillingslova opnar for det me kallar sakleg diskriminering i nokre tilfelle. Dette handlar ikkje om kvinnesyn, men det handlar om det me kallar embetsteologi. Altså teologien om kven som kan vera prest utifrå dei kriteria som bibelen gir, seier han til NRK. 

Til toppen