Firda Seafood Group har utvida områder, og vil no søke om å få lov til å gro tang og tare.
Firda Seafood Group har utvida områder, og vil no søke om å få lov til å gro tang og tare. (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK/Privat)

Firda Seafood vil gro algar i Gulen

Firda Seafood meiner det kan vere ei god kjelde for både menneskeleg forbruk og til fôr.

Gulen: – Meir av maten me et bør kome frå havet, og difor ser me på det som eit spennande prosjekt om me får løyve til å prøve ut dette, seier Lina Braanaas Utneer, som er prosjekt- og kvalitetssjef frå Firda Seafood Group.

Det er produksjon av laks og fjordaure som står i sentrum for utvikling og vidare satsing i Firda Seafood Group, men no vil dei få løyve til å gro algar.

– Me ønskjer å bidra til kunnskapsutvikling av denne næringa og om den har potensiale for vekst i vår region. Men når det er sagt vil produksjon av makroalgar i første omgang vere eit sideprosjekt, seier ho.

Dei har søkt om løyve ved Skorpa (litt nede midt på kartet), og Vatnøy. Foto: skjermdump

Eigna for tang og tare 

– Makroalgar er fleircella algar, meir kjent som tang og tare. Makroalgar kan vere ei god kjelde for både menneskelig konsum og til fôr, og me ønskjer å utforske høva som ligg i dette, seier ho.

Dei bestemte seg for å søke om dette på eit par lokalitetar dei tidlegare har brukt til produksjon av laks og fjordaure, som dei no har ledig kapasitet på etter dei har utvida andre meir egna lokalitetar til desse artane. 

– Me trur òg at det er eit eigna område å produsere makroalger i, på grunn av at det er mykje lokal produksjon av laks og fjordaure i området som tilfører fjordsystemet gode næringsstoff, og som makroalgane kan ha nytte av til vekst. 

Søke samarbeid med fagmiljø

Dei har søkt til fylkesskommunen om løyve til akvakultur av andre artar enn laks, aure, og regnbogeaure. Om dei får løyve vil dei søke samarbeid med eit fagmiljø som kan bidra med meir kunnskap om dyrking av makroalgar.

– Etter det vil me nytte utstyr, personell, og båtar som me har i området til å setje ut og drifte dette.

Det dei har søkt om er produksjon og dyrking av tare, dette må ikkje forvekslast med hausting av tare, som nyttar eksisterande vekst av tare på havbotn. 

– Dyrking og produksjon fungerar slik at ein setjer ut stiklingar på ei tauramme i sjøen, og så veks makroalgane på næring og sollys i frie vatnmassar før dei haustast.

Til toppen