HASTAR: Ola Braanaas (t.h.) og Tore Larsen meiner det må komme ein ny barnehage på Byrknesøy snarast.
HASTAR: Ola Braanaas (t.h.) og Tore Larsen meiner det må komme ein ny barnehage på Byrknesøy snarast. (Foto: Privat)

Vil spandere millionar på ny barnehage på Byrknesøy

Fiskeoppdrettaren vil betale opp til 20 millionar for å få fortgang i prosessen med å byggje ny barnehage.

Gulen: Det hastar å få på plass ein ny Barnehage på Byrknesøy då den eksisterande allereie er for liten. Det er i tillegg stor vekst i barnetalet, skriv Ola Braanaas, eigar og konsernsjef i Firda Seafood Group AS i ei pressemelding. 

Gjennom firmaet Steelhead Invest AS har Braanaas saman med Tore Larsen inngått avtale om kjøp av tomteareal i tilknyting til skulen på Byrknesøy.

Tilbyr å kjøpe

Investorane vil tilby Gulen kommune å kjøpe ein ferdig barnehage med to avdelingar og 45 plassar som skal vere innflyttingsklar neste haust. Dei ønskjer å setje i gang med planleggingsarbeidet så snart som råd. 

– Me inviterer tilsette i barnehagen og leiinga ved skulen med slik at me i løpet av kort tid kan leggje fram eit ferdig konsept for Gulen kommune, skriv Braanaas i pressemeldinga. 

Firda Seafood Group vil fullfinansiere byggjeprosessen, som er venta å koste mellom 10 og 20 millionar kroner. Vidare må kommunen vurdere om den ønskjer å ta over heile barnehagen eller ha ein langsiktig leigeavtale, skriv Braanaas. 

Ventar nye arbeidsplassar

Ei av årsakene til at Braanaas og Larsen ønskjer å få fortgang i bygginga av ny barnehage, er at dei ser føre seg stor vekst i sysselsettinga i Ytre Gulen framover. Berre i Firda Seafood Group er det venta nærare 40 nye arbeidsplassar dei neste åra. 

Dei meiner barnehage- og skuledekning er heilt sentralt dersom dei skal klare å rekruttere nye tilsette. 

Positiv til engasjement

Kommunalsjef for oppvekst i Gulen, Jan Ove Einebærholm, seier til Strilen at kommunen har planar om ei mellombels avdeling, og at det er sett av pengar til ei permanent løysing på problema til barnehagen. 

Einebærholm er positiv til engasjementet, men seier at det må passe inn i dei kommunale planane. 

Etter at Gulen kommune har investert i barnehagane i dei tre andre bygdesentera dei seinare åra, er det Byrknesøy barnehage som står for tur. 

Til toppen