SPARA: Lærdal kommune håpar på å spara mellom sju og åtte millionar kroner på å byggje om aldersheimen til bu og omsorgsheim. Foto: Arkiv. 
SPARA: Lærdal kommune håpar på å spara mellom sju og åtte millionar kroner på å byggje om aldersheimen til bu og omsorgsheim. Foto: Arkiv. 

Vil spara 7 til 8 millionar på ombygging

Politikatane i Lærdal vil spara mellom sju og åtte millionar kroner årleg på ombygginga av aldersheimen til bu- og omsorgsheim. 

Lærdal: Avdelinga der aldersheimen ligg i dag skal frå hausten av byggast om til 11 omsorgsbustadar. 

Les også: Aldersheimen skal byggast om for titalls millionar

– Eg har lege søvnlaus i mange år fordi me ikkje har fått til dette før no. Sogndal kommune gjorde det for 20 år sidan. Me har hatt eit ansvar over lengre tid som me ikkje har gjort noko med. Dette burde blitt gjort for lenge sidan, sa ordførar Jan Geir Solheim under førre kommunestyremøte. 

Ordføraren forklarar at bruttoinvesteringa for ombygginga vil liggje på nær 50 millionar kroner. I anbodsutlysinga er det skrive at summen kjem til å komme på mellom 32 og 38 millionar kroner.

– Betre tilbod til innbyggjarane

Dei 11 nye omsorgsbustadane skal ha heildøgns tilsyn. I andre kommunar har dette vore praksis over lengre tid. 

– Me ønskjer å gje eit betre tilbod til innbyggjarane i forhold til behovet. No skal me samle 34 instutisjonsplassar og redusere talet på sjukeheimsplassar, seier rådmann Alf Olsen Jr. 

Totalt vil det bli 18 sjukeheimsplassar og fire korttidsplassar. 

– Me kjem til å flytta folk inn i omsorgsbustadane som dei sjølve betaler husleiga for. Desse brukarane får ta del i dei tilboda som er på aldersheimen i dag, som mat og tilsyn døgnet rundt, forklarar rådmannen. 

Omfordelast eller seiast opp

Brukarane har anledning til å få bustøtte dersom husleiga blir for høg. Ein til to avdelingar på sjukeheimen kjem til å forsvinne. 

– Personalet må omfordelast eller seiast opp. Her er det snakk om 10-15 årsverk. Summen medfører årlege innsparingar på mellom sju og åtte millionar kroner. Dette har blitt gjort i andre kommunar med ein god, økonomisk effekt, seier Olsen Jr. 

I dag er det 46 instutisjonsplassar i Lærdal. Dette er ifølgje Jarle Offerdal (Ap), ganske mange etter folketalet å rekne. 

– Det me no vel å gjera er å byggja ned. Me veit at me får ein eldretsunami om ti år og då vil me ha for lite plassar, seier Offerdal. 

Rådmannen er samd med Offerdal og legg til at behovet for pleie for eldre kjem til å auke i år 2025. 

– Me vel å byggja ned no, men me har areal som står ledig som vil utgjere den same dekningsgraden. Behovet i 2035 vil vere dobbelt så stort som i dag for dei eldre. Det må me bu oss på i neste omgang. Vårt motiv er å gjere ein best mogleg jobb og gi eit best mogleg kunnskapsgrunnlag, seier Olsen Jr. 

– Vinn - vinn situasjon

 Frode Myklebust (V) meiner det er ein vinn - vinn situasjon at helsetenesta no vert modernisert. 

– Dette sparar me pengar på. Me veit at me kjem til å få fleire eldre, men eg kjenner ikkje til det eksakte behovet. Det som no vert gjort innan helse og omsorg, er naudsynt, seier han. 

Ombygginga av aldersheimen vil føre til at det vert fleire tenester i heimen ved at ein flyttar sjølve heimen nærare der tenestene er. 

– Seinare må me utvida, men det set me av areal til, seier Myklebust. 

Til toppen