MILLIONINNSPARINGAR: Dersom kommunen går for å leggja ned AD-bustadane, vil dei spara 3,3 millionar eller rundt 10 prosent av underskotet kommunen er i. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MILLIONINNSPARINGAR: Dersom kommunen går for å leggja ned AD-bustadane, vil dei spara 3,3 millionar eller rundt 10 prosent av underskotet kommunen er i. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil spara millionar ved å leggja ned AD-bustadane

Årdal kommune er i ein tøff økonomisk situasjon. Eit grep for å komma ut av uføret er å mellombels leggja ned AD-bustadane i Øvre Årdal.

Desse utfordringane gjer at kommunen no vurderer strukturendringar av teneste for å oppnå ei effektivisering. Ei av moglegheitene er ei mellombels nedleggjing av AD-bustadane i Øvstetunshagen i Øvre Årdal, som vil spara kommunen 3,3 millionar kroner.

– Utgangspunktet er at me må redusera utgiftene i eldreomsorgen også. Då er dette alternativet me har landa på, seier kommunalsjef Rigmor Svanberg til Porten.no.

– Det er ikkje slik at me ønskjer å redusera, men eg kan ikkje sjå at me blir fritekne frå reduksjonar. Det er ønskjeleg å komma i tidleg i gong fordi det er ein lang prosess med brukarar, pårørande og tilsette, og det er klagerett på endring av vedtak, noko me veit kan ta lang tid. 

Ei avvikling vil innebera at kommunen får ein meir effektiv struktur av sjukeheimane. Samstundes vil det bli ein reduksjon på åtte langtidsplassar i sjukeheimen.

På den andre sida kan talet på korttidsplassar på ÅBO aukast til ni utan auka bemanning og bruk av dobbeltrom.

Eldrerådet imot

Leiar i Eldrerådet Agnar Kvam likar ikkje planane. Eldrerådet støttar ikkje tilrådinga og meiner det er uforsvarleg å avvikla AD-bustadane. 

– Me spør oss sjølv om det er mogleg å få til dette utan at ein må ta i bruk dobbeltrom for langtidspasientar. Det er ein ting eg er svært lite begeistra for, seier han til porten.no og understrekar at eldrerådet er talerøyret for dei eldre i Årdal.

– Det er greitt å leggja ned viss alternativet er der, og me er sikre på at det blir ei grei ordning, men det er det me er usikre på. 

– Konsekvensane av å leggja ned er at det blir trongare om plassen. Det blir det ei utfordring å finna ei løysing på, men eg trur kommunen gjer alt dei kan for å finna ei løysing for det har dei gjort tidlegare. 

Vert ikkje nytta av dei som er tiltenkt

Bakgrunnen for tilrådinga er at plassane, som i utgangspunktet er tiltenkt somatisk friske personar med demens, i realiteten vert nytta til sjukeheimspasientar med stort pleiebehov og at desse pasientane er i dag stort sett heimebuande med tenester frå heimesjukepleien.

– Eg vil tru at den gruppa som er blitt i AD-bustadane og med dei behova die har, så har dei behov for ei anna personalgruppa enn den som er no. Viss ikkje, må eg gjera omstillingar og få høgare sjukepleiedekning.

– Grunnen til at eg vel AD-bustadane er at fordi det blant anna ikkje er tilrettelagt for sjukeheimsplassar fysisk, og det er dei blitt dei som bur der stort sett. På ÅBO er det tilrettelagt, held ho fram.

– Stadig fleire demente

Kvam viser til statistikk og seier at situasjonen i dag for kan forandra seg.

– Statistikken viser at det blir fleire eldre og at folk blir friskare og friskare. Det ligg vel slik til rette at me får òg bruk for fleire instutisjonsplassar.

– Det er mange demente, og fleire blir det jo eldre ein blir. Ifølgje statistikken skal det bli fleire demente, og det må me ta inn over oss, argumenterer han.

– Akkurat i dag har me ledige plassar, men det forandrar seg over tid, og me må ta høgde for at behovet er dekt når det kjem toppar. Det er me litt usikre på om det går, held han fram og legg til at han kan forstå kvifor forslaget kjem.

– Det er eg nøydd til å ha forståing for fordi me må vera villige til å sjå på alt i kommunen, inkludert helse og omsorg, men no er det jo ei lovpålagt sak å suta for gode teneste for dei eldre.

Stillingsreduksjon

Dersom ein går for dette forslaget, vil det også bli ein stillingsreduksjon på seks årsverk, og det vil opna for ein alternativ bruk av bustadane.

– Eg trur me skal klara å løysa dette med overtal ved å tilby annan arbeidsplass. Eg trur ikkje det skal bli noko problem når det gjeld akkurat AD-bustadane, svarar Svanberg. 

– Dette er ein prosess som blir smertefull for mange, både tilsette, brukarane og pårørande. Det er difor eg legg inn dette med klagerett på å endra vedtak. 

Anna alternativ

Det er også gjort greie for eit anna alternativ, nemleg å avvikla kortidsplassane på ÅBO. I så fall må sju langtidsplassar i sjukeheim gjerast om til korttid for å oppretthalde effektiv drift.

Ei slik avvikling medfører ein reduksjon på 3,3 årsverk og ei økonomisk innsparing vert mindre med 1,815 millionar kroner.

– Reint fagleg er konsekvensane av å stenga på ÅBO større enn på AD. Men uansett kva ein gjer, så mistar me faste langtidsplassar i sjukeheimen fordi me må ha kortidsplassar. 

Torsdag skal saka opp for kommunestyret.

Til toppen