FJELLBEITE: Det er dei gode fjellbeita i Indre Sogn som gjer at lamma har svært god kvalitet; gjennom prosjektet med arbeidstittelen «Sognalamb» skal ein undersøkja kvaliteten nærare og vonleg skapa eitt eller fleire produkt av lam frå Årdal, Lærdal og Aurland. Illustrasjonsfoto 
FJELLBEITE: Det er dei gode fjellbeita i Indre Sogn som gjer at lamma har svært god kvalitet; gjennom prosjektet med arbeidstittelen «Sognalamb» skal ein undersøkja kvaliteten nærare og vonleg skapa eitt eller fleire produkt av lam frå Årdal, Lærdal og Aurland. Illustrasjonsfoto 

Vil starta prosjekt for å utvikla lokalmat av lam frå Sogn

Går det som prosjektgruppa håpar vil sauebønder i Årdal, Lærdal og Aurland tilby ei eiga merkevare om nokre år.

Indre Sogn: – Det er ei vidareføring av prosjektet «Sau og utmark». No er det foredlingsarbeidet me så smått har byrja å jobba med. Fylkesmannen er positiv og har alt løyvd midlar. Så håpar me alle kommunane vil bidra, seier Magnhild Aspevik, landbrukssjef i Årdal, Lærdal og Aurland.

Les også: Lukkeleg slutt for saueprosjekt: – Bøndene har tru på framtida

Prosjektet har fått arbeidstittelen «Sognalamb», men er førebels berre i støypeskeia. Kva produkt det skal bli og kva namn produktet eller produkta til slutt eventuelt får er ikkje klart.

VIDAREFØRING: Landbrukssjef Magnhild Aspevik fortel «Sognalamb» er ei vidareføring av prosjektet «Sau og utmark». Arkivfoto
VIDAREFØRING: Landbrukssjef Magnhild Aspevik fortel «Sognalamb» er ei vidareføring av prosjektet «Sau og utmark». Arkivfoto

– Det er det me skal jobba med; produktutvikling er ein del av dette. Arbeidstittelen er «Sognalamb», men det kan også bli noko anna. Me håpar at det går i orden og at me får til gode produkt. Og at me får auka og sikra innteninga til sauebøndene, det er hovudmålet, seier Aspevik.

– Signatur på vårt eige produkt

Sauebonde i Årdal, Ole Bjarne Hovland, fortel eit anna poeng ved å utvikla eit eige produkt er eigarskap.

– Det er kjekt for oss bønder å kunne setja signaturen vår på eit produkt; me får dessutan meir eigarskap til og stoltheit i det. Me meiner at me i Indre Sogn har svært god kvalitet på beita våre og dermed også på lammekjøtet me leverer – men at me kanskje ikkje får nok att for kjøtet når det går inn i den store kverna. 

EIGARSKAP: Sauebonde Ole Bjarne Hovland løftar fram at eit eige produkt av lam frå Indre Sogn gir bøndene enno større eigarskap og stoltheit. Arkivfoto 
EIGARSKAP: Sauebonde Ole Bjarne Hovland løftar fram at eit eige produkt av lam frå Indre Sogn gir bøndene enno større eigarskap og stoltheit. Arkivfoto 

– Kor viktig er det for dykk bønder å få til dette?

– Slik som trenden er, så blir det berre viktigare og viktigare med lokalmat; det sel betre og betre. 

Av prosjektsøknaden går det fram at eit anna mål med prosjektet er at det kan bidra positivt på rekrutteringssida i sauenæringa:

«Det vil også vere motiverande for dei som driv at ein skapar ei merkevare av produktet dei leverer. Dette vil også truleg hjelpe på rekrutteringa til neste generasjon, om det ein produserer er ei sterk merkevare. I tillegg vil ei sterk merkevare styrka både fagmiljøet og rekrutteringa ved ei sterkare kjensle av å produsere noko viktig. Stoltheita vil styrka seg i næringa og miljøet rundt».

Skal undersøkja lammekvaliteten

Vidare skal ein gjennom prosjektet undersøkja den faktiske kvaliteten lammekjøt frå Indre Sogn har:

«Prosjektet vil undersøka om lam frå Indre Sogn har noko salgsmessig føremon framfør lam frå andre deler av landet. Prosjektet skal ut ifrå desse føremona jobbe fram ei sterk merkevare basert på urte- og grasfôra lam frå høgfjellet i Indre Sogn. Det må vere rimeleg klart at dei lamma som kjem inn under denne merkevara er fôra fram på frodige fjellbeite i frisk natur og ikkje på kraftfôr i låglandet.»

Dei folkevalde i Årdal, Lærdal og Aurland får no søknader om stønad til prosjektet på bordet. Først ut er formannskapet i Årdal, som tysdag 30. mai skal gje si vurdering av søknaden på 80 000 kroner til prosjektet.

I tillegg blir det søkt Lærdal kommune om 270 000 kroner til prosjektet, og Aurland kommune om 150 000 kroner. Den siste millionen i prosjektbudsjettet, som er sett til 1,5 millionar kroner, skal dekkjast av IBU-midlar, går det fram av prosjektsøknaden.

Til toppen