Ifølgje Miljødirektoratet er årsaka til reguleringa at innsiget av laks er låg og at utviklinga forsatt er negativ i ein del elvar og regionar. Etter ein omfattande lokal og regional prosess med grunneigarlag, fiskeforeningar og andre, har Miljødirektoratet fått ei rekke forslag til endringar.
Naudsynt å gjere tiltak
Jobben til Miljødirektoratet er å syte for at det ikkje blir overfiska, der målet om haustbart overskot gjer det naudsynt å tilgrense fisking nokre stader slik at bestandene blir halde oppe. Innsiget av laks har også vore særs lågt i mange område dei siste åra, samla sett er det halvert sidan 1980-talet. Klimaendringane gjer det viktig og ha tallrike bestandar av villaks, då desse vil ha større moglegheit til å tilpasse seg nye levevilkår, skriv Miljødirektoratet på sine heimesider.
Forslag til forskrift om fiske etter laks og sjøaure frå 2016 er no på høyring. Frist for å kome med innspel til Fylkesmannen er 4. september.
Likevel er det berre foreslått mindre endringar i Sogn og Fjordane. Desse finn du her.
Forslag til endringar
Lærdalsfjorden (innafor ei line frå Fodnes til utløp Svagrovi): Ikkje opne for fiske.
Lærdalselva: Utvide fisketida for laks og sjøaure i tråd med lokalt forslag. Sesong for laks frå 5. juni til 20. august. Sesong for sjøaure er 18. juni til 31. august. Frå og med Bruhølen (Seltun) til Sjurhaugfossen: 5. juni til 27. august. Ikke uttak av laks med hokjønn.
Årdalsvassdraget: Sesong for laksfiske frå 1. juli til 31. august, sesong for fiske av sjøaure frå 20. juni til 31. august.
Sjå høyringsdokumenta for meir informasjon.