Kaupanger: – Kongevegen over Filefjell vart ny-opna i haust. Den gamle fredslevegen var både ein føresetnad for og eit symbol på den store kontakten som har vore mellom Valdres og Sogn til alle tider, skriv museumslektor og historikar ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Anna J. Avdem, i ei pressemelding.
Onsdag 2.november møtest Magny Karlberg frå Valdres og Bjørg Hovland frå Sogn for å sjå nærare på eit viktig element i denne kontakten mellom aust og vest - fellestrekka i draktskikken og andre kulturformer øvst i Valdres og inst i Sogn.
– Folk reiste og møttest både til helg og kvardag, dei vart kjende og dei gifta seg, dei utveksla song og musikk, språk og andre kulturformer. Kleda var ikkje noko unntak.
Les også: Enkle bunadstips
– To svært kunnskapsrike damer
I dei dagar møttest valdrisar og sogningar på St. Tomaskyrka eller Lærdalsmarknaden, men onsdagskvelden er det altså Sogn Folkemuseum som er møteplassen.
– Det er to svært kunnskapsrike damer som møtest, fortel og viser bilete. Båe har skrive bøker om draktskikken, og dette blir ein einståande sjanse til å skaffa seg båe praktbøkene frå Skald forlag – med signaturar.
Sogn Bunadnettverk i lag med museet er arrangørar.