FØRST UT: Hellbillies er det første bandet som er klart føre årets festival. Pressefoto
FØRST UT: Hellbillies er det første bandet som er klart føre årets festival. Pressefoto

Vil ta Jordeplerock til nye høgder

Første bandet som kjem til årets Jordeplerock er no på plass. 

Hellbillies er den første namnet som er klart til festivalen Jordeplerock 2015, som går av stabelen i Lærdal 26. til 28. juni. 

STOLT: Helge Evensen Bjørkum, dagleg leiar og festivalsjef for Jordeplerock. 
STOLT: Helge Evensen Bjørkum, dagleg leiar og festivalsjef for Jordeplerock. 

– Om ikkje lenge blir billettane til festivalen lagt ut for sal og me byrjer alt å få stor pågang frå folk som vil sikre seg, fortel Helge Evensen Bjørkum, dagleg leiar og festivalsjef for Jordeplerock. 

Heldt spenninga oppe

– Me er stolte over å kunne presentera Hellbillies som det første bandet som skal spele under festivalen. Det er eit band som appellerar til alle, er ei solid merkevare og trekkplaster. Eg er sikker på at det vil vera med å ta Jordeplerock til nye høgder, seier Bjørkum. 

Jordeplerock kjem etter kvart til å presentera fleire av dei nasjonale og lokale artistane som kjem til sommarens festival. 

Av landets fremste live-band

Hellbillies er frå Ål i Hallingdal, og har sidan oppstarten i 1990 spelt inn i alt 14 album. Sommaren 2014 slapp dei sitt siste live album "Levande Live" og er opptak av låter frå bandets Noregs-turnè.  Du kjenner deg nok godt att når dei dreg til med låter som ”Eg æ på gang”, ”Den finast eg veit”, "Ei krasafaren steinbu” og ”Mørkemann”.

TIL LÆRDAL: Hellbillies består av Aslag Haugen (vokal, gitar) og Lars Haavard Haugen (gitarar, vokal), Arne Sandum (bass), Bjørn Gunnar Sando (trommer, perc) og studio- og live musiker Lars Chr Narum på tangenter. Pressefoto

Til toppen