VEDTOK: Kommunestyret i Lærdal vedtok torsdag eit første steg mot omstruktureringar i organisasjonen som på sikt vil kunne føra til ein tonivåkommune. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun 
VEDTOK: Kommunestyret i Lærdal vedtok torsdag eit første steg mot omstruktureringar i organisasjonen som på sikt vil kunne føra til ein tonivåkommune. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun 

Vil ta kutta i administrasjonen 

Kommunestyret i Lærdal gjorde torsdag eit vedtak som kan bli første skritt i retning av ein sokalla tonivåkommune.
 

Lærdal: – Frå kommunestyret er det gitt tydelege signal om at ytterlegare reduksjon av tal tilsette i kommunen skal gjennomførast innan leiing/administrasjon og ikkje med reduksjon av tenesteytande ressursar, utover dei endringar som alt er vedteke.

Slik er eitt av avsnitta i det vel to sider lange vedtaket kommunestyret i Lærdal gjorde torsdag i saka «Optimal organisering».

Saka dreier seg om to millionar kroner som måtte kuttast i 2017-budsjettet, men som ikkje vart konkretiserte i sjølve budsjettprosessen utover at så og så mange hundre tusen skulle kuttast innan dei ulike tenesteområda – teknisk, helse og omsorg, kultur og oppvekst og rådmannsfunksjonen.

Les også: Vil halda samfunnshuset og begge bassenga opne

Frå kommunalsjefar til leiarar

Ei gruppe, «Optimal organisering», på seks beståande av politikarar, tilsette i administrasjonen og hovudtillitsvalde vart sett ned for å konkretisera kutta.

– Eigentleg er dette ein del av sunn kommuneøkonomi. Etter at den prosessen var over vart det naturleg å halda fram arbeidet med å sjå på den overordna organiseringa, forklarar Kåre Mentz Lysne (Ap).

Då resultatet av arbeidet vart diskutert i formannskapet 6. juni kom det tydeleg fram at gruppa ikkje har fungert optimalt, og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) – som i tillegg til Lysne var den politiske representanten i gruppa – sa følgjande om det som vart lagt fram frå rådmann Alf Olsen jr.:

– Det er provoserande, for dette du legg fram kjem ikkje frå gruppa, men frå rådmann i Lærdal. 

Les kva rådmannen la fram her: «Optimal organisering» har ikkje fungert optimalt

Enden på visa vart at formannskapet då ikkje gjorde noko vedtak, men let saka gå vidare til kommunestyret for å sjå kva ein kom opp med der.

Og til kommunestyremøtet torsdag låg eit omfattande framlegg til vedtak på bordet frå gruppeleiarane. Fleire av framlegga til rådmannen er heilt eller delvis tekne med, men det låg større kutt på administrasjonssida inne.

Mellom anna skal det vurderast om kommunalsjef for tekniske tenester skal gjerast om til teknisk leiar. På sikt at kommunalsjef oppvekst og kultur blir vurdert gjort om til pedagogisk rådgjevar.

16 mot ei røyst

Innan helse og omsorg vart det ikkje føreslege organisatoriske endringar. 

– Dei må få bruka tid på helse og omsorg ettersom det er store prosessar med omstruktureringar på gang her (både ved Lærdal bu og omsorgsheim og helsesenteret, journ. anm.). Litt det same gjeld innan oppvekst ettersom det har vore eit spesielt år her (nedlegginga av Ljøsne skule, journ. anm.). På teknisk er me ganske klare, seier Lysne.

Mellom anna ligg det inne i framlegget at stillinga på 30 prosent som oppsynsmann skal avviklast, det same gjeld stillinga på 50 prosent som leiande reinhaldar. I tillegg er det framlegg om ei rekkje omstruktureringar først og fremst ved teknisk, men også nokre ved oppvekst og rådmannsfunksjonen.

Les heile saksutgreiinga her.

– Me har snudd litt om på det og laga eit konkret framlegg, så går dette ut på høyring i organisasjonen no, seier Lysne.

MOT: Britt Sanden (Sp) vart åleine om å stemma mot framlegget frå gruppeleiarane.
MOT: Britt Sanden (Sp) vart åleine om å stemma mot framlegget frå gruppeleiarane.

For kommunestyret i Lærdal vedtok framlegget med 16 mot ei  røyst. Britt Sanden (Sp) røysta mot. Sanden er sekretær på tekniske tenester på rådhuset, og grunngav kvifor ho gjekk mot framlegget slik:

– Det er ingen lett balansegang å både jobba på rådhuset og sitja i kommunestyret. Samstundes veit eg då ein del om korleis ting fungerer og meiner mykje i vedtaket går mot den opphavelege rapporten frå gruppa for optimal organisering. Difor kan eg ikkje stemma for dette.

Endeleg vedtak i oktobermøtet

Det vart ei endring i det endelege vedtaket i høve framlegget, og det var at saka skal slutthandsamast i andre kommunestyremøte etter ferien, det vil seia i oktober. I framlegget frå gruppeleiarane vart det lagt opp til endeleg handsaming første møte over ferien, i september, men her bad administrasjonen om meir tid til høyringsrunden, noko politikarane gjekk med på.

Om alle punkta i framlegget blir iverksett, eller om nokre blir strokne eller endra, blir altså først avgjort til hausten.

Så er det også slik at ein kommunalsjef ikkje kan få nedsett løn sjølv om ho/han får ei lågare stilling.

– Vil ein såleis få så stor effekt av dette som ein ventar? 

– På lengre sikt vil dette få effekt ettersom ein utlyser ei anna type stilling etter til dømes naturleg avgang. På kort sikt vil me få effekt av dei øvrige omstruktureringane, seier Lysne.

At prosjektet «Optimal organisering» med brei involvering ikkje har vore nokon ubetinga suksess – mellom anna var jo utgangspunktet for gruppa å konkretisera kutt i 2017-budsjettet; kutt som ikkje blir vedtekne før oktober 2017 – seier Lysne seg einig i.

– Historia har gått sin gang og me har gjort eit ærleg forsøk.

Ordførar Jan Geir Solheim seier noko av det same:

– Her fekk me det ikkje til; me klarte ikkje å levera til rett tid eller til bestilling.

 

Til toppen