VIL BRUKE TID: Eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjer at kommunen brukar meir tid når dei no skal sjå på korleis framtidas omsorgstenester skal utformast. Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) fremja forslaget på vegne av partia. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIL BRUKE TID: Eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjer at kommunen brukar meir tid når dei no skal sjå på korleis framtidas omsorgstenester skal utformast. Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) fremja forslaget på vegne av partia. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil ta tida til hjelp når dei skal forme framtida omsorgstenester

Men politikarane er samde om at rivinga av Øvstetunsvegen 1 ikkje kan utsetjast.

Årdal: Ein betre økonomi gjer at Årdal kommune igjen kan tenkje på korleis ein skal ruste omsorgstenestene slik at dei held følgje med utviklinga. Det gjeld både eldreomsorg og bu- og miljøteneste (tidlegare spesialomsorg). 

Men då kommunestyret fekk saka på bordet, bestemte dei seg for å ta tida til hjelp og vere endå grundigare før dei gir tommelen opp til noko som helst. Éin ting var dei derimot samde om. Øvstetunsvegen 1 skal rivast til fordel for seks nye omsorgsbustader.

Utsetjinga av dei andre punkta, som galdt Øvstetunshagen (AD-bustadene) og nye omsorgsbustader på Grandane, vart utsett etter eit fellesframlegg frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Vil bruke tid

Då hadde Senterpartiet allereie i formannskapet gjort framlegg og fått gehøyr for at punkta som galdt prinsippa for tenestene og ein ny plan for bygging av sjukeheimsplassar, skulle utsetjast.

– Det vart sagt i formannskapet, og me seier det i kommunestyret, at dette er eit såpass stort arbeid at me må gå varsomt fram. I formannskapet vart me samde om at det som kan gjerast, må gjerast, og gruppene til Sp og Ap er einige om at Øvstetunsvegen 1 må ein berre setja i gang med, innleia Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) frå talarstolen.

– Men me ber om at dei andre punkta vert sendt tilbake til formannskapet for vidare handsaming. 

Riv Øvstetunsvegen 1

Rivinga av Øvstetunsvegen 1 derimot, meiner dei ein ikkje kan vente lenger med. Planen er då å byggje eit bufellesskap med seks omsorgsbustader for personar med nedsett funksjonsevne.

Det heile skal organiserast som eit burettslag i samarbeid med Årdal Boligbyggelag og skal stå klart til bruk innan 2019. Før det skal planen handsamast som ei eiga sak. Bygget, som for ikkje lenge sidan var tiltenkt einsleg mindreårige flyktningar, skal rivast.

– Eg er ikkje usamd i at bygget er i så dårleg stand at det bør jamnast med jorda, men eg lurer likevel på kvifor ein fann det godt nok til å busetja mindreårige flyktningar. Har noko skjedd i seinare tid sidan vurderinga endrar seg? lurte Aleksander Øren Heen (Sp) på, som også meinte det ville vore fint med eit helseutval til å sjå på ei slik sak.

Ifølgje rådmann Olve Fossedal har dagens bygg sine svakheiter. 

– Når me no skal få til strukturendringar innanfor området, må me gjere dei strukturendringane. Å byggje nytt vil vare lenger enn slik det står i dag. Her tenkjer me 20-30 år framover, svarte han.

Sentralisering og effektivisering

Glenn Morten Hestetun (Ap) kom med eit lite hjartesukk om at han skulle ønskt ein gjekk ut breiare i slike saker, der ein startar med eit folkemøte. Knut Arne Klingenberg (H) håpte han, og dei andre partia som ikkje sit i formannskapet, fekk vere med i utforminga av planane.

Korleis dei blir sjåande ut, gjenstår å sjå, men saka peikar tydeleg på at ei mest mogeleg effektiv og sentralisert tenesteyting med framleis stort fokus på heimebaserte tenester, bruk av eksisterande bygningsmasse og tomteareal, blir sentralt i framtida. I tillegg til dette kjem fokus på velferdsteknologi i alle deler av omsorgstenestene og etablering av ei koordinerande eining.

Til toppen