NYTT AV ÅRET: Ola Flo Zachariassen i NFF Sogn og Fjordane håper at klubbane greier å gjere Fotballsøndagen til ein årleg fotballfest i bygda.
NYTT AV ÅRET: Ola Flo Zachariassen i NFF Sogn og Fjordane håper at klubbane greier å gjere Fotballsøndagen til ein årleg fotballfest i bygda.

Vil teste ut nytt konsept for å skape blest rundt klubbane

Sogn og Fjordane fotballkrets går i år nye vegar for å få fleire til å støtte opp om fotballen i bygda.

Sogndal: Sogn og Fjordane fotballkrets skal i år teste ut konseptet «fotballsøndag»​, ein årleg fotballfest der målet er å skape mest mogleg blest rundt klubbane.

– Vi ser ofte at det er tomme tribuner når klubbane spelar kampar. Det er kanskje ikkje kiosk eingong, det er liksom ikkje noko arrangement rundt det. På denne måten vil forhåpentlegvis fleire vil støtte opp om laget, seier Ola Flo Zachariassen i NFF Sogn og Fjordane.

Les også: Dette er første hinder i NM for Årdal

Frå Sogn har Syril og Sogndal United allereie meldt si interesse.

Konseptet går ut på at kvar klubb veljer ut sin eigen fotballsøndag. Så handlar det om å pakke den full med innhald, frå aldersbestemte kampar tidleg på dagen til det høgast rangerte laget på ettermiddagen. Alt med eit skikkeleg opplegg rundt.

– Dette kan bli ein kjempedag på alle måtar. Vi håper at pensjonisten, A-lagsspelaren, J6-spelaren, at kort sagt alle møter opp denne dagen og skaper skikkeleg blest rundt klubben i sitt hjerte, seier Zachariassen.

Til toppen