Lærdal: «Berre» lokalt kulturhus eller ei meir offensiv satsing mot reiseliv og næringsliv er det politikarane i Lærdal skal velje mellom 23. juni.
– Anten blir det kulturhus eller turistmagnet, seier Ola B. Siverts frå Cubus arkitektfirma.
Les også: Lokalt eller internasjonalt kultursenter?
Torsdag la arkitektfirmaet og revisjons- og rådgivingsselskapet BDO fram dei to alternativa for kommunestyret i Lærdal.
Investere fem millionar
Den meir offensive satsinga vil gi Norsk Villakssenter ein ny interaktiv utstilling i løpet av ein 2-3 årsperiode. Her vil dei investere fem millionar kroner dei neste fem åra.
– Ein må oppgradere for å gjere plassen attraktiv igjen og få på plass ei prosjektstilling i tre år for å få litt trøkk. Ei slik satsing vil gi eit framtidig grunnlag for at bygget kan vere berekrafig, seier Siverts.
Forslaga strekkjer seg frå direktesending frå kamera i elva og på fjellet og utstillingsmodular om villaks, Lærdalselva og kulturhistorie om dei gamle vegane.
I dag har kulturhuset berre 10.000 besøkjande i året. Siverts spår at om politikarane går for den meir ambisiøse satsinga, vil besøkstalet auke til 20.000 innan 2018 og 30.000 i 2023.
– Kulturhuset er eit bygg i første divisjon og eit av dei ypperste me har her i landet. Dette har å gjere med velferd, verdiskaping og næringsutvikling. Det har med korleis ein opplever ein stad, seier Siverts.
– Sjeldan med overskot
I begge alternativa frå arkitektfirmaet skal biblioteket, som i dag er plassert ved Lærdalsøyri skule, flyttast til kulturhuset.
Biblioteket skal flyttast til resepsjonsarealet og omgjerast til «hjarte» i kulturhuset. Bibliotekarstillinga skal utvidast frå 60 til 100 prosent i samband med at det skal kome fleire funksjonar og lengre opningstider.
– Eit lokalt kulturhus går sjeldan eller aldri med overskot, seier Siverts.
Respesjonsarealet må tilretteleggjast for ny drift. I alternativet om opplevingssenter vil biblioteket også få delansvar for turistinformasjon, spesialutstilling og lignande i samband med villakssenteret og kunstgalleriet.
– Eit offensivt opplevingssenter vil tiltrekkje seg turistar ved sidan av det lokale kulturhuset, seier Siverts.
Store aktørar
Cubus har vore i kontakt med store og viktige aktørar som kan vere aktuelle om dei folkevalde bestemmer seg for å gå for opplevingssenter.
Siverts har blant anna vore i dialog med Astrup og Fearnley stiftinga, Norwegian Centre of Expertise, Fjord Norway, Visit Sognefjorden og Musea i Sogn og Fjordane.
– Lærdal kino går godt i dag, men me ønskjer likevel å utvida den med ei kinostilling på 33,5 prosent og oftare framsyningar med to filmar i veka. Til dømes skule- og pensjonistframsyningar i veka, seier Siverts.
I fjor var det 4.505 besøkjande noko som tilsvara rundt ein halv million kroner i inntekter.
Dei faste, årlege kostnadane for Lærdal kulturhus og Villakssenteret er i dag på 2,7 millionar kroner.