VIL HA BETRE FERJEFINANSIERING: Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
VIL HA BETRE FERJEFINANSIERING: Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Vil unngå dyrare ferjeprisar: – Me treng ei leveleg ferjefinansiering

Fleire stadar i landet har auka utgifter for ferjedrift ført til dyrare bilettprisar. Det vil Vestlandsrådet ha seg fråbedt.

Sogn: I ei pressemeding opplyser Vestlandsrådet, som består av Vestland, Rogaland, samt Møre og Romsdal at fylkeskommunena ønskjer å levera på Stortinget sitt ønske om utsleppsfrie ferjer. Men då vert det nødvendig at løyvingane står i stil med dei faktiske kostnadane av ei slik satsing, noko dei ikkje kan sjå bevis på i det nye statsbudsjetter. 

– Tidlegare Hordaland fylkeskommune hadde åleine 300 millionar kroner i auka driftskostnader då ein gjekk over til utsleppsfrie ferjer. I sommar fekk ferjefylka 150 millionar, men på deling, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

– Det hjelper, men det står ikkje i forhold til dei faktiske kostnadane, seier han.

Askeland: – Grunnleggande misforhold

Askeland meinar det er grunnleggande misforhold som må rettast opp.

– Dei auka kostnadane forsvinn ikkje frå rekneskapen av seg sjølv, for me veit at utsleppsfrie ferjer vil koste oss om lag det same kvart år framover. Då må også statsbudsjettet ta inn over seg at ein eingongssum ikkje løyser problemet, seier han.

Fylkesordføraren i Rogaland, Marianne Chesak er eining med Askeland, og legg til kor viktig det er å gjere ferjene utslippsfrie.

– Det er fylkeskommunane som er staten si forlenga hand for å få dette til, og me ønsker å vera med. Men når dette vert underfinansiert slik som no, vert resultatet høgare prisar eller at det må gjerast smertefulle kutt andre stader for å saldere budsjetta våre.

Fleire stadar i landet har auka utgifter for ferjedrift ført til dyrare billettprisar, noko Vestlandsrådet vil ha seg fråbedt. 

Dei tre fylkesordførarane opplyser om at dei no forventar at forhandlingane om statsbudsjettet endar opp med ei ferjekompensasjonsordning som gjer at fylkeskommunane får sjansen til å levere eit ferjetilbod som er i tråd med det både fylka og staten vil ha. 

Til toppen