UTSETT: Seinkingar i leveransen frå arkitekten gjer at arbeidet med rehabilitering av Olderdalen barnehage tidlegast kan ut på anbod våren 2020.
UTSETT: Seinkingar i leveransen frå arkitekten gjer at arbeidet med rehabilitering av Olderdalen barnehage tidlegast kan ut på anbod våren 2020. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Vil utsetje rehabiliteringa av Olderdalen barnehage

Seinkingar i leveransen frå arkitekten og usikkerheit knytt til barnetalet gjer at administrasjonen føreslår å utsetje rehabiliteringa av barnehagen til 2021.

Høyanger: Det er sett av 11,4 millionar kroner til rehabiliteringa av Olderdalen barnehage på Øvre Sæbø i Høyanger i økonomiplanen for 2020–2023. Administrasjonen føreslår å utsetje oppstarten av byggjearbeidet til 2021. 

Årsaka er blant anna at arkitekten er seinka i leveransen av prosjektet. Arkitekten skulle ha levert prosjektet slik at det kom ut på anbod i haust, men det kan no tidlegast på anbod våren 2020. 

I tillegg er det knytt usikkerheit til kor mange avdelingar det er naudsynt å ha i barnehagen i framtida på grunn av fallande barnetal. 

Barnehagen frå 1992 har per i dag fire avdelingar. Ei forprosjekt frå 2018 har konkludert med at det ikkje er naudsynt med fire avdelingar, og det vil gje ei innsparing på åtte millionar å byggje om den fjerde avdelinga til personalrom. 

Ein kostnadsauke for samfunnshuset og idrettshallen gjer også at rådmannen tilrår å utsetje oppstarten av prosjektet. 

– Me må eventuelt gjere utbetrande tiltak slik at ein kan nytte lokalet fram til 2021. Vidare må me revurdere om det skal vere tre einingar ut frå barnetalet, sa økonomisjef Ingvar Linde då forslag til budsjett og økonomiplan for 2020–2023 vart presentert tysdag 12. november. 

Forslaget til budsjett og økonomiplan skal handsamast i formannskapet 28. november og kommunestyret 12. desember. 

Til toppen