UTVIKLING: Sogn og Fjordane fylkeskommune vil utvikle UKM som møteplass for ungdom. Allereie i helga skal ungdomen i Lærdal vise kva dei kan. Her er Synne Bentås frå fjorårets mønstring. Arkivfoto: Privat.
UTVIKLING: Sogn og Fjordane fylkeskommune vil utvikle UKM som møteplass for ungdom. Allereie i helga skal ungdomen i Lærdal vise kva dei kan. Her er Synne Bentås frå fjorårets mønstring. Arkivfoto: Privat.

Vil utvikle UKM

UKM skal bli den viktigaste møteplassen for ung kultur i Sogn og Fjordane.

Årdal/Lærdal: Det har hovudutval for næring og kultur vedteke i ein ny strategi for 2016 til 2019, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Ungdommens kulturmønstring er eit populært arrangement, der ungdom deltek og konkurrerer med å nå fram med kulturelle innslag. Allereie i helga er det mønstring i Lærdal med 63 påmelde.

– Det er viktig for fylkeskommunen å bidra til ein arena der ungdom kan vise kva dei likar å drive med, bli kjende med andre ungdommar, prøve nye ting og utvikle seg, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter.

 – UKM har etter 30 år endra tyding frå «ungdommens kulturmønstring»  til  «Ung kultur møtest». Det gjev rom for å tenke nytt.  Me vil utvikle UKM som møteplass, og som ei følgje av dette endrar fylkesmønstringa namn til UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

UKM er til for ungdom, og ungdomsmedverknad skal stå sterkt i arbeidet med UKM. Eit av tiltaka er å etablere ei regional ressursgruppe sett saman av ungdom frå ulike deler av fylket som skal vere med å gje innspel til korleis UKM skal utvikle seg både i kommunane og på fylkesnivå.

I Årdal skal UKM gå av stabelen den siste helga i februar. Førebels er det berre tolv påmelde, men påmeldingsfristen går ikkje ut før søndag neste helg. Totalt er det 359 personar som har meldt seg på i Sogn og Fjordane til no. 

Til toppen