VENTAR LITT: Fleirtalet i formannskapet i Årdal vil avvente ei breiare høyring før dei seier endeleg ja til at ein klatrepark skal erstatte musikkpaviljongen ved sidan av Farnes ungdomssteg og friluftsbassenget i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
VENTAR LITT: Fleirtalet i formannskapet i Årdal vil avvente ei breiare høyring før dei seier endeleg ja til at ein klatrepark skal erstatte musikkpaviljongen ved sidan av Farnes ungdomssteg og friluftsbassenget i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Vil vente med å plassere ein klatrepark her

Det er ikkje sikkert at klatreparken vert plassert der paviljongen stod likevel. 

Årdal: Seinast i oktober skreiv Porten.no at alt var i boks for at ein klatrepark kunne setjast opp der som musikkpaviljongen stod i Øvre Årdal, men no ønskjer politikarane å bremse opp litt.

– Arbeidarpartiet undrar seg over at saka ikkje er blitt sendt ut på ei breiare høyring når me no skal ta endeleg stilling til plassering, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og understreka at dette er ei gladsak.

For då formannskapet skulle bestemme seg tysdag, kom dei heller fram til avvente litt for å sjå nærare på om området kan utviklast og nyttast til andre føremål.

– Må sjå heilskapleg på området

Det er heilt i tråd med innspelet frå Idrettsrådet. Leiar for rådet, Arne Håkon Laberg, grunngir innspela i brevet han har sendt til ordføraren slik: 

– Poenget vårt er at ein bør sjå på ein heilskap og tenkje seg litt om når det gjeld indrefileten dette er. Det kan godt hende at klatreparken skal vera der, men eg meiner me skal køyre ein prosess for å vera sikker på at det er riktig, og at det er forankra hjå brukarane, seier han til Porten.no. 

– Me meiner det bør brukast pengar på ein arkitekt som kan sjå nærare på korleis området er lurt å bruke.

Fleirbrukshall?

Kanskje kan det vere ein fleirbrukshall med hybelfasilitetar knytt opp mot den vidaregåande skulen?

– Det er ein dram som òg betyr mykje i totalen. Ein kan sjå kva Sogndal har fått til med campus. Dette kan vere eit mini-campus som hadde betydd svært mykje for bygda. Det er klart det er snakk om ein del pengar for å realisere det, men viss ein går ilag, og verkeleg vil, så er det meste mogleg, legg Laberg til. 

I tillegg til at saka skal ut på ei breiare høyring før ho kjem att til politikarane i mars 2017, skal det også nyttast 50.000 kroner på å lage ein heilskapleg plan for området mellom Farnes ungdomssteg, friluftsbassenget og idrettsanlegget.

Vil vurdere fleire område

Då skal fleire tomter evaluerast. I saksutgreiinga er skuleplassen på Farnes skule vurdert, men med negative konsekvensar som meir støy for naboar og at området skal kunne brukast av alle, sjølv om det er i skuletida. 

Også Jotunplassen vart nemnt, men her minna rådmann Olve Fossedal om at denne plassen er regulert til næring. Altså må det ei omregulering til.

– Og det kan bety ei utsetjing av saka med eit år, påpeika han.

– Brukarane må få bestemme

Det er nettopp det politikarane ikkje ønskjer. Ved å få saka opp til handsaming i mars, vil ein ta ei avgjerd ei god stund før det første spadetaket som var planlagt i april eller mai. 

– Folk må føla at har fått sagt det dei meiner om saka, slik at me veit kvar dei står. Eg meiner brukarane skal bestemme kor dette skal plasserast, sa Thomas Norheim Moen (Sp).

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet røysta for å gjere det på denne måten, medan Miljøpartiet Dei Grøne gjekk inn for tilrådinga til rådmann. 

Til toppen