VIL HA FORHANDLINGSUTVAL: Framlegget frå Kåre Mentz Lysne (Ap) om også å få på plass eit forhandlingsutval, for å sikre samfunnsutviklinga og lokaldemokratiet i ein eventuell ny storkommune, var det einigheit om i utvalet for kommunereform i Lærdal. Likevel kan mykje skje når saka skal opp på siste kommunestyremøte i desember. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
VIL HA FORHANDLINGSUTVAL: Framlegget frå Kåre Mentz Lysne (Ap) om også å få på plass eit forhandlingsutval, for å sikre samfunnsutviklinga og lokaldemokratiet i ein eventuell ny storkommune, var det einigheit om i utvalet for kommunereform i Lærdal. Likevel kan mykje skje når saka skal opp på siste kommunestyremøte i desember. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Vil veta meir om desse alternativa til kommunereform

Utvalet for kommunereform i Lærdal vil sjå på om kommunen skal stå åleine, ta del i ein storkommune, eller vera i lag med Aurland og Årdal.

Lærdal: Etter møtet i Sogn regionråd sist veke, skal Lærdal kommune no ta stilling til kva alternativ dei ønskjer å inngå intensjonsavtalar med, i tråd med rettningslinjene til regionrådet. 

Måndag møttest utvalet for kommunereform, som består av leiar Trond Øyen Einemo (H), Kåre Mentz Lysne (Ap), Annike Vanberg, Gro Starheimsæter (Sp) og Frode Myklebust (V).

Lysne (Ap) kom med framlegg om tre alternativ til utgreiingsarbeide og intensjonsavtalar, noko som vart samrøystes vedteke av dei fem utvalet. 

– Vil sjå konsekvensane

– Me må ha på plass konsekvensane, før me går til folkerøysting. Det gjeld om me vel å stå åleine, me ønskjer framleis å vurdere nærare ei samanslåing mellom Lærdal, Årdal og Aurland, om ein ikkje kjem i mål med framlegg om ein intensjonsavtale for ein storkommune gjennom Sogn regionråd, forklarar Lysne. 

Vedtaket til kommunereformutvalet dannar grunnlag, før saka skal opp til handsaming i kommunestyret 17. desember, så ting kan endre seg mykje enno, legg han til.

Organisering av nye tenester

I rapporten Sogn regionråd bestilte frå Telemarksforking, var det gjennomført ei felles utgreiing for å gi kommunane eit grunnlag å ta stilling til samanslåing med andre kommunar i Sogn.

Telemarksforsking peikar på at avstand er den største utfordringa i regionen, og skisserar tre modellar for organisering av tenester i ein ny kommune, noko som er opp til politikarane å diskutere. Den første modellen er samlokalisering, den andre er funksjonsdeling, medan den tredje er ein desentralisert modell (sjå faktaboks). 

Vil dele på tenestene

Kommunereformutvalet såg ein funksjonsdelingsmodell mellom kommunane som det mest tenelege. 

Det er mellom anna for å legge grunnlag for ein ny kommune som styrkar samfunnsutvikling, lokaldemokrati og eit desentralisert kommunalt tenestetilbod i alle bygder innanfor oppvekst, helse og omsorg. I tillegg er dette for å sikra at oppgåver og funksjonar blir samla der dei naturleg høyrer i lag i ein ny og større kommune. Til dømes statleg administrasjon på Leikanger, handelssentrum Sogndal og helse i Lærdal. 

Kommunereformutvalet vil også ha eit forhandlingsutval med ordførar og leiar for opposisjonen, der kommunane har lik representasjon.

Etter vedtak i kommunestyret i desember, er arbeidet med intensjonsavtalar mellom dei aktuelle kommunealternativa venta å starte opp i januar 2016. Utgreiingsarbeidet og intensjonsavtalane skal danne grunnlag for ei folkerøysting, som skal haldast innan utgangen av mai 2016. 

 

Retting: Porten.no skreiv først at Kåre Mentz Lysne (Ap) er leiar for utvalet for kommunereform, det er feil, då det er Trond Øyen Einemo (H). 

Då kommunereform er eit politisk spørsmål, la ikkje rådmann Alf Olsen jr. fram tilråding, men eit diskusjonsframlegg. Dermed vart ikkje Olsen jr. nedstemt, slik Porten.no i utgangspunktet skreiv. 

Til toppen