SETT I ARRESTEN: NTNU-student Vilde Aarethun fekk eit ubehageleg møte med israelsk grensekontroll. Foto: privat.
SETT I ARRESTEN: NTNU-student Vilde Aarethun fekk eit ubehageleg møte med israelsk grensekontroll. Foto: privat.

Vilde (25) måtte sitte nitten timar i arresten i Israel

Studiereise enda i deportasjon for NTNU-studenten Vilde Aarethun.

I går kom ho tilbake til Norge etter å ha vore gjennom nokre tøffe dagar.

– Eg er veldig sliten, men samtidig synst eg det er viktig at det blir sett fokus på den politikken Israel fører. Viss det som skjedde med meg kan vere med å bidra til det, så er det bra, seier ho til Porten.no.

Les også: Frå Palestina med venskap

Vart stoppa rett etter landing

Vilde Aarethun er fødd og oppvaksen i Trondheim, men er dotter til lærdølen Venke Aarethun, tidlegare leiar for Palestinakomiteen gjennom ti år og ein av to nordmenn som har blitt utnevna til æresborgar av Palestina.

Til dagleg studerer Vilde psykologi ved NTNU og målet med turen var å gjere feltarbeid til masteroppgåva ho skriv.  Til NRK fortel ho at ho vart teken til side rett etter landing i Tel Aviv.

Det som følgte var til saman fem timar i tre ulike avhøyr, med vakter som ifølgje Aarethun oppførte seg truande, ropte og slo i bordet. Den aggressive stemninga vart ikkje betre då vaktene ville ha tilgang til mobilen hennar, noko Aarethun nekta å gå med på. 

 

– Dei spurte meg ut om kva eg skulle og kor eg skulle opphalde meg. Viss eg ikkje oppga koden til telefonen, så ville det få store konsekvenser for meg, fortel ho til NRK.

Glad for støtta

Etter avhøra blei Aarethun køyrt frå flyplassen til eit fengsel der ho måtte sitte i nesten eitt døgn før ho vart utvist. Der delte ho celle med fem andre utlendingar som òg skulle deporterast.

– Rommet var kaldt, hadde gitter foran vindua og vi måtte dele på maten, madrassen og dei skitne teppa som var der. På golvet låg brukte tannbørster og håndduker, fortel ho til NRK.

Aarethun har opplevd stort påtrykk frå media etter at historia hennar vart kjent. I heile dag har ho takka nei til fleire intervju. No vil ho bruke tida til å slappe av og å få opplevinga på avstand.

– Sjølv om det har tatt på, så er eg samstundes veldig taknemmeleg for den støtta eg har fått, frå så mange, seier ho.

Til toppen