IKKJE MINNEPLASS: Fem personar skal finne ut av korleis og på kva måte Lærdal kommune skal gi informasjon om storbrannen i 2014. Arkivfoto
IKKJE MINNEPLASS: Fem personar skal finne ut av korleis og på kva måte Lærdal kommune skal gi informasjon om storbrannen i 2014. Arkivfoto

Vill ikkje ha minneplass etter storbrannen

Politikarane vil heller at fem personar skal sette seg ned for å finne ut korleis å informere om den største historiske hendinga i Lærdal i nyare tid. 

Lærdal: I oktober vedtok formannskapet å gå vidare med å etablere ein minnestad for storbrannen på Lærdalsøyri i januar 2014. Torsdag kom saka oppatt på saklista til formannskapet. 

– Minnestad etter storbannen høyrest så dramatisk ut. Det var ingen som omkom, seier Annike Vanberg (SV).

Minneplass skar også Kåre Mentz Lysne (Ap) i øyrene, og minte han om Utøya. 

– Det er snakk om å gi informasjon, det ordet må inn, seier han, og lufta tankar som å gi informasjon gjennom turistinformasjonen, på nett og kanskje gjennom historielaget, slik det har vore snakk om. 

Vil ha med ungdommar

Gunn Beate Sjøthun (Sp) vil gjerne ha med ungdommar på laget. Ho speler inn at ein kanskje kan henge opp skilt langs løypa, då folk er nysgjerrige når dei besøker Øyri. 

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) peikar på at dei treng ei arbeidsgruppe, men eit mandat, slik dei har vedteke tidlegare, så kan dei sette seg ned å finne ei løysing.  

Landa på fem personar

Etter fleire innspel rundt bordet landa politikarane på at fem personar får mandat til å finne ut korleis og i kva form kommunen skal informere om brannen.

Det skal bestå av Sjøthun, som politisk representant, ein frå administrasjonen, som kallar inn til første møte, ein person frå ungdomsrådet, ein person frå Røde Kors, på vegne av dei frivillige organisasjonane og ein person frå brannetaten. 

Til toppen