Lærdal: - Det er godt dokumentert at avkom av oppdrettslaks og krysningar mellom oppdrettslaks og villaks kan overleve i naturen, men at dei overlever i dårlegare enn avkom frå villfisk. Men ein veit enno ikkje så mykje om kvifor det er slik, seier Torstein Kristensen, forskar ved fakultet for bioforsking og akvakultur ved Nord Universitet i Bodø.
Responderte dårlegare på "trening"
Med dette utgangspunktet nytta ei gruppe forskarar frå Noreg - mellom andre også Henning Andre Urke ved INAQ -, Canada og Frankrike avkom av villaks frå Lærdalselvi og frå ein oppdrettsstamme i eit eksperiment der ein samanlikna grunnleggande stoffskifte, evne til å tole låge oksygenverdiar i vatnet og deira maksimale oksygenopptaksverdiar. Dette blei gjort på fisk som var produsert i vanlege kar, og fisk som var trent på førehand i ein symjetunell i fleire veker.
- Ikkje uventa vaks oppdrettslaksen fortare enn villaksen, noko som er heilt forventa ettersom han er avla fram for å gjære akkurat dette. Samstundes klarte ikke oppdrettslaksen å respondera like godt på endra miljøtilhøve , eller "trening", og han hadde ei dårligare evne til å tåle låge oksygenverdiar samanlikna med Lærdalslaksen.
Oppdrettslaksen dårlegare eigna til å leva i ei vill elv
Konklusjonen på forsøket vart dermed at oppdrettslaksen har mista noko av evna til å tilpasse seg nye miljøutfordringar som krev eit robust hjarte og sirkulasjonssystem, og at han difor truleg er mindre tilpasningsdyktig i eit skiftande miljø.
- Lærdalslaksen var kort og godt eit meir atletisk dyr som var betre i stand til å takle endra miljøtilhøve i dette studiet. Og det skal me vera glade for fordi det betyr at rømd oppdrettslaks ikkje får så lett fotfeste der villaksen høyrer heime, avsluttar Kristensen.
Norges forskningsråd, Havbruksprogrammet har finansiert arbeidet gjennom FitSmolt prosjektet. Klekkeriet på Ljøsne og Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore støttespelarar.
Heile publikasjonen kan interesserte lesa her.