TILRÅDINGAR: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, informerte kommunestyret i Lærdal denne veka om tilrådingane både for villakssenteret/kulturhuset/kunstsenteret og cruiseplanane, pluss at han kom med ein ny visjon for Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Villakssenteret er ikkje nokon stor attraksjon i dag

Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU), la fram ein plan som arbeidsgruppa i LNU meiner kan løfta villakssenteret. Fram til senteret og fleire andre attraksjonar i Lærdal blir bygd opp, meiner omstillingsstyret også cruisekai bør liggja på is.

Lærdal: – Det ligg ei perle borte ved elvi, men her er ikkje potensialet utnytta på langt nær.

Tokvam heldt torsdag ei orientering om fleire prosjekt i Lærdal; eit av dei er å finna ei retning for vidare utvikling av villakssenteret, kunstesenteret og kulturhuset for øvrig.

Han var tydeleg på at LNU meiner driftsmodellen senteret har i dag ikkje er berekraftig. 

– Ser ein på villakssenteret, kunstsenteret og kafètilbodet så er det mykje som kan gjerast. No framstår ansvaret og rollene som uklare.

Ser føre seg aksjeselskap

Dagens organisering av villakssenteret og kulturhuset kostar kommunen mellom to og to og ein halv millionar kroner i året har LNU kome fram til. Hovudproblemet med modellen er ifølgje Tokvam at eigarskapen er for diffus.

– Å ha a-eigarskap er suksess i alt, meiner me. Viss eigarskapen er spreidd blir det fort ingen som tek ansvar. Me har vore i kontakt med ulike investorar, og ingen er interesserte i å investera i senteret slik det framstår i dag; besøkstala er for låge. Fleire seier det ligg stort potensial her, og at det kan bli aktuelt å gå inn – når eller viss attraksjonen blir bygd opp.

LNU har i sitt vedtak kome fram til at det blir oppretta eit AS i form av eit eigedomsselskap. Dei ser føre seg at kommunen må ta full eigarskap frå starten av, altså eiga alle aksjane for å starta oppbygginga. 

– Me har laga eit budsjett basert på at det blir tilsett ein dagleg leiar. Me snakkar om driftskostnadar på mellom ein og ein halv million kroner. Slik drifta er organisert i dag kostar senteret kommunen uansett over to millionar kroner.

Les også: Lærdal kommune vil ut av villakssenteret

Elvepark, trehusby og hotell

Ein slik modell tyder at kommunen framleis vil eiga senteret i utgangspunktet, men ein legg til rette for at andre kan koma inn på eigarsida etter kvart. 

– Men kommunen må nok ta ansvaret for å få starta løftet, sa Tokvam.

LNU ser føre seg at moment som etablering av ein elvepark, opparbeiding av uteområdet og ei realisering av gryande planar om ein trehusby kan hjelpa på.

– Så har me vore så frekke at me har tenkt på moglegheita for å byggja eit hotell tilknytt senteret. Utan å trakka andre som driv hotell i bygda på tærne, meiner me det er rom for eit annleis hotelkonsept i Lærdal. Det treng ikkje å vera så stort, men noko annleis.

Det har også vore tale om å flytta biblioteket i Lærdal til senteret.

– Det trur me vil vera ein god sak; at biblioteket får ei sentral plassering.

Tokvam påpeika også at marknadsføringarbeidet i høve senteret må utbetrast vesentleg.

– Å redusera aktiviteten ved kunstsenteret går vel knapt an?

Når det gjeld Indre Sogn Kunstsenter blir det i dag drifta av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

– Me får signal om at dei vil redusera aktiviteteten ved Indre Sogn Kunstsenter. På den andre sida har me no kompetanse på kunstfeltet gjennom Levande lokale-prosjektet; dei har masse idear til kva som kan gjerast med kunstsenteret.

Utsegna om redusert aktivitet fekk kommunestyrerepresentant Stein Vidar Nemeth (Sp) til å heva augebryna.

– Er det mogleg å redusera aktiviteten meir? Det går vel knapt an.

Rådmann Alf Olsen jr. forklara at dette har med utfordrande økonomi hjå Musea i Sogn og Fjordane å gjera.

– Mindre satsing gjeld både oss og andre som ligg under dei.

Tokvam informerte også om omstillingsstyret si tilråding når det gjeld etablering av cruisehamn i Lærdal. Kort fortalt støttar deira tilråding seg på konsulentfirmaet 2469 reiseutvikling sin konklusjon om at cruisehamn i Lærdal har lite for seg før ein får bygd meir opp på attraksjonssida.

– Me bør nok etablera eit prosjekt som tek føre seg attraksjonsutvikling, sa Tokvam.

Både når det gjeld villakssenteret/kunstsenteret/kulturhuset og cruisehamn var dette tilrådingar frå tilhøvesvis ei arbeidsgruppe i LNU og omstillingsstyret. Politikarane skal ta endeleg stilling til sakene i komande kommunestyremøter.

«Grøne Lærdal»

Tokvam lanserte også ein ny visjon for kommunen; «Grøne Lærdal». Dette som ei erstatning for slagordet som har eksistert i ei årrekkje «Lærdal den grøne kommune».

– Då bitt ein ikkje dette opp mot verken dal eller kommune, men alt Lærdal er. Hovudmålsetjinga er å skapa nye, berekraftige førestillingar om korleis ei moderne bygd skal sjå ut.

Han heldt fram at ein visjon LNU ser føre seg er at Lærdal er den første kommunen som har gjennomført det grøne skiftet.

– Dette bør kanskje inngå som ein del av samfunnsdelen i kommuneplanen; det er mest naturleg når ein no skal sluttføra den.

Til toppen