Lærdal: Norsk Villakssenter i Lærdal kan saman med Namsos, Lyngdal og Tana få 7.4 millionar kroner frå statsbudsjettet 2019, melder Lærdal kommune i ei pressemelding.
Totalt er det løyva 33 millionar kroner til villaksen i budsjettforslaget frå regjeringa.
Pengane går til etablering av eit nasjonalt villakssenter med einingar i kvar av vertskommunane.
– Endeleg får villaksen den same type nasjonale senter som med suksess er etablert for villreinen. Etableringa betyr eit nytt og kraftfullt løft for villaksen, seier Alf Olsen jr, styreleiar i Kunnskapssenteret for laks og miljø (KLV), som står bak innsatsen.
Styreleiar: – Eit gjennombrot
Tradisjonar og næring er knytt til villaksen i Noreg held Olsen jr fram, og seier han oppfattar millionløyvinga som eit gjennombrot.
– Med denne spreiinga frå nord til sør er dei viktigaste villaksregionane i landet dekka, heiter det i meldinga.
– Allereie 22. oktober møter me Miljødirektoratet for å planleggja sjølve etableringa av senteret, seier Frode Staldvik, dagleg leiar i KLV.
Olsen jr legg til at det er eit mål å etablera organisasjonen så snart som råd og opna senteret i løpet av villaksåret 2019.