FEKK NEI: Sandra Opheim (MDG) føreslo å nytte ein større del mindreforbruket i 2015 på klimafondet, men fekk nei frå dei andre representantane i kommunestyret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK NEI: Sandra Opheim (MDG) føreslo å nytte ein større del mindreforbruket i 2015 på klimafondet, men fekk nei frå dei andre representantane i kommunestyret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ville ha éin million til klimafondet

Miljøpartiet Dei Grøne blei tydeleg avvist då dei føreslo å setja av éin million av 2015-overskotet inn på energi- og klimafondet.

Årdal: Som Porten.no tidlegare har skrive, er Årdal på veg ut av Robek eit år før tida etter eit solid mindreforbruk på 14,9 millionar kroner i 2015.

Desse millionane er føreslått fordelt på fire ulike fond, der mesteparten vert avsett til næringsfondet.

Då formannskapet handsama årsmeldinga og rekneskapen for fjoråret, gjekk Sandra Opheim (MDG) på talarstolen og føreslo å auka avsetninga til klimafondet frå 500.000 kroner til éin million. 

NEI: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) sa tydeleg nei til å ta midlar frå næringsfondet og putta på klimafondet.
NEI: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) sa tydeleg nei til å ta midlar frå næringsfondet og putta på klimafondet.

Møtte motbør

Den halve millionen ville ho ta frå dei 3,5 millionane som var føreslått avsett til næringsfondet. Dette fekk ho blankt nei på.

– Ap kjem til å stemme imot. Som me har sagt tidlegare, må me følgja opp næringsfondet, som me treng no meir enn nokon gong. Det rådmann tilrår, er heilt naudsynt, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som også er styreleiar i Årdal Utvikling. 

Kurt Jevnaker og Venstre kalla forslaget for merkeleg.

– Ei av våre viktigaste utfordringar er å snu den negative utviklinga i folketalet. Me må skapa fleire arbeidsplassar, og så skal ikkje eg seia at klimapolitikk er mindre viktig, men eg er glad for at me kjem ut av 2015 og kan setja av 3,5 millionar til næringsfondet, sa Jevnaker, som også sit i styret til Årdal Utvikling.

– Vart litt sveitt

Når klimaplanen har vorte diskutert tidlegare, har Senterpartiet vore klare på at dei ønskte meir konkrete tiltak og formuleringar i planen. Det gjentok dei.

– No vart eg litt sveitt. Me har tidlegare sagt at me ønskjer konkrete planar for kva klimafondet kan nyttast til. For å seia det kort og godt kjem ikkje Senterpartiet til å støtta forslaget.

Forslaget fall med éi mot tjue røyster. 

Dei 14,9 millionar kronene skal dermed nyttast slik:

  • Inndekning av akkumulert meirforbruk på kr. 7.890.696,71
  • Avsetning til disposisjonsfondet kr. 1.969.731,29
  • Avsetning til næringsfondet kr. 3.500.000,-
  • Avsetning til ubunde kapitalfond kr. 1.000.000,-
  • Avsetning til energi og klimafond kr. 500.000,-.
Til toppen