ETTERREKNE TALA: Aleksander Øren Heen og Senterapartiet ønskte å sende tala som syner innsparingane på helsehuset vidare til kontrollkomiteen for etterrekning. – Eit av hovudargumenta for å køyra saka gjennom var nettopp denne innsparinga, og då er det viktig å sjekka at det faktisk blir innfridd, seier han. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ETTERREKNE TALA: Aleksander Øren Heen og Senterapartiet ønskte å sende tala som syner innsparingane på helsehuset vidare til kontrollkomiteen for etterrekning. – Eit av hovudargumenta for å køyra saka gjennom var nettopp denne innsparinga, og då er det viktig å sjekka at det faktisk blir innfridd, seier han. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ville sende helsehus-tala til kontrollkomiteen

– Handlar ikkje om mistillit, seier Senterpartiet, som fekk forslaget sitt nedstemt.

Årdal: Då ein bestemte seg for å samlokalisera legekontora i Årdal, var eit av argumenta at det skulle gi ei innsparing på 900.000 kroner årleg. Ved fleire høve har Senterpartiet etterlyst tal som dokumenterer innsparinga.

Då dei saman med Venstre, Høgre og Miljpartiet Dei Grøne fekk fleirtal i budsjetthandsaminga i fjor, bestilte dei ei utgreiing, som syner at kommunen sparte 750.000 kroner i første driftsår. Då kommunestyret skulle sjå på saka torsdag, fremja Senterpartiet forslag om å senda tala vidare til kontrollkomiteen.

– Me fremja det forslaget rett og slett for å få nokon til å etterrrekna tala for å sjekka at dei faktisk stemmer og at ein har fått med seg alt. Det er ikkje nokon fare i at utvalet ser på ei sak. Det vil berre vera ein styrke, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

– Ikkje mistillit

Frå talarstolen sa partikollega Erling Offerdal at det ikkje handla om mistillit til administrasjonen.

– Kva handlar det om då?

– Det handlar jo om at ein vil vera sikker, det handlar ikkje om mistillit. Det å driva kontroll kan jo byggja tillit, seier Heen.

– Framleis eit godt prosjekt

Då forslaget vart tatt opp til røysting, vart det nedstemt.

– Eg vil anta at det ikkje er grunnar til at saka skal til kontrollutvalet. Rådmann har grunngjeve godt i saka. Det er greitt at me skal ha meininga om det, men skal me spinna på dette til evig tid? spurte Hilmar Høl (Ap). 

– Eg meiner at sjølv om me ikkje har nådd 900.000 første året, så var det fleire forhold den gongen som gjorde at me gjekk inn for dette. Me meiner framleis at prosjektet var godt. Det var riktig å samle helsetenestene og gi eit samla godt tilbod til alle. Slik har me gjort oss mindre sårbare, ikkje minst på rekrutteringssida. Me må sjå dette i ein større samanheng.

– Ikkje ein omkamp

Det er bemanningsreduksjon og nedtak på FDV-kostnader som er dei to hovudforklaringane bak dei 750.000 kronene. Heen forklarar kvifor denne saka er så viktig for dei.

– Nokre meiner dette er ein omkamp?

– Det er langt frå ein omkamp. Dette var ei viktig sak i valet og ei betent sak i Årdal. Eit av hovudargumenta for å køyra saka gjennom var nettopp denne innsparinga, og då er det viktig å sjekka at det faktisk blir innfridd, spesielt i ei så omdiskutert sak, svarar Heen.

Til toppen