VILLKØYRING: Ein eller fleire personar har nytta marka på Grandane i Øvre Årdal til å herje seg med bilen. No er marka øydelagt. Foto: Porten.no-tipsar.
VILLKØYRING: Ein eller fleire personar har nytta marka på Grandane i Øvre Årdal til å herje seg med bilen. No er marka øydelagt. Foto: Porten.no-tipsar.

Villkøyring på Grandane – politiet ønskjer tips

Slik ser det ut på grassletta ved vassverket på Grandane i Øvre Årdal etter at nokon har herja med bilen sin.

Øvre Årdal: Det kommunale området har ein stor plen som vert nytta til av innbyggjarar til å lufte hund, rekreasjon og leik. 

No er store delar av marka øydelagt fordi nokon har herja rundt med bil og lage spor og sår på graset. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier dei kjenner til saka.

– Me har fått kjennskap til dette gjennom Facebook, men me har ingen opplysningar som kan knyte sjåfør til bil. Difor treng me litt hjelp, seier han til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

SKÅR I MARKA: Som ein kan sjå av biletet er det store skår i marka som må reparerast.
SKÅR I MARKA: Som ein kan sjå av biletet er det store skår i marka som må reparerast.

Skjedd fleire gonger

Ifølgje vitne skal det seinast måndag kveld ha vore villkøyring på marka. Dette er ikkje første gongen at nokon har brukt området til å sladde og ha det moro med bilen sin.

– I verste fall tenkjer dei seg ikkje om. Eg veit at i Årdal er det slik at når me får snakka med dei rette, så brukar dei å rydde opp etter seg. Eg reknar med at desse kjem til å gjere det same. Me prøver å rettleie dei og finn alltid gode løysingar, seier lensmannen.

Dersom dei får tak i personen eller personane som har gjort dette, vert det opp til kommunen som eigar å anmelde. 

Til toppen