SPØRSMÅL: Knut Arne Gurigard har ei rekkje spørsmål til myndigheitene i dette lesarinnlegget. Illustrasjonsfoto
SPØRSMÅL: Knut Arne Gurigard har ei rekkje spørsmål til myndigheitene i dette lesarinnlegget. Illustrasjonsfoto (Bilde: Lars Nesse)

Villrein og skrantesjuke

Med menneske som offer hadde nok årsak hatt eit heilt anna fokus, enn den tafatte haldninga me ser i forhold til årsak skrantesjuke, skriv Knut Arne Gurigard i dette lesarinnlegget.

«Ville du vente med å få fjernet en kreftsvulst til den har spredt seg eller ta den bort raskest mulig?» Dette er det retoriske spørsmålet og etter mitt syn ein underleg metafor, som direktør i Statens Naturoppsyn Pål Prestrud, innleiar med i «Tar opp kampen mot skrantesjuken», eit innlegg i div. media siste tida.

Les også: Tar opp kampen mot skrantesjuken

Ei meir treffande samanlikning kunne vore ein epidemi med garantert dødeleg utfall, der me ikkje har peiling på årsak. Med menneske som offer hadde nok årsak hatt eit heilt anna fokus, enn den tafatte haldninga me ser i forhold til årsak skrantesjuke.

Med bakgrunn i Prestrud sitt innlegg, og det som er kome fram i den informasjon som blir gjeve frå styresmakter og forskingsmiljø kan me slå fast:

- Forskingsmiljøa er totalt blanke i forhold årsak/smittekjelde, dei veit ingenting.

- Forskingsmiljøa veit ikkje om nedslakting av villreinstamma i Nordfjella vil fjerne skrantesjuka eller smittekjelda.

- Forskningsmiljøa veit ikkje om skrantesjuka kan overførast til menneske.

»det finnes ingen indikasjoner på at den er overførbar til mennesker, uten at det kan garanteres. Derfor er det grunn til å ta forholdsregler ved håndtering av syke dyr og unngå direkte eksponering for prioner.»

- Jegerar skal oppføre seg og kle seg meir som om dei er i eit livsfarleg epidemiområde.

- Miljødirektoratet og Mattilsynet driv no ein omfattande informasjonskampanje til alle som set sin fot i Nordfjella, der det m.a. står å lesa:

Hjortedyrene i Nordfjella kan være smittet av skrantesjuke (CWD). Hjelp oss å hindre at smitten sprer seg til andre områder. Du som ferdes i området må: Vaske skoene dine godt når du forlater området. Smitten kan sitte i jord, planter og lav.

- 20.000 gjestesau kan i sommar beite i Nordfjella, utan at det er nokon form for restriksjonar når dei forlet smitteområde. Forstå det den som kan.

Blir det funne smitta dyr på t.d. Hardangervidda har ikkje styresmaktene nokon plan. Konsekvensane med nedslakting av meir enn 10.000 dyr er nok for dramatiske. Både i forhold til kva konsekvensane er nasjonalt og i forhold til Norge sine internasjonale forpliktingar i forhold til villrein. Det er forunderleg at styresmaktene ikkje evnar å tenkje ulike scenario.

Me er no i ferd med å fjerne sjølve grunnlaget for busetjinga som skjedde for 10.000 år sidan og som er ein grunnleggjande del av vår historie og fauna. Me fjernar eit genetisk materiale som er unikt og som ikkje kan erstattast. Dette er dramatisk, i eit slikt bilete er eg som innbyggjar, ivrig turgåar i høgfjellet, og reinsjegar ein parantes.

Eg er ikkje usamd i at skrantesjuka må takast på det største alvor, der nedslakting av heile villreinstamma i Nordfjella kanskje er det rette, men handlingsmønsteret er panikkarta. Det me opplever i forhold til det som blir sagt, er i beste fall kvalifisert gjetning, kanskje, kanskje ikkje. Det er ei samanblanding av forsking og politikk, og det er umogleg å sjå skille. I tillegg skal jegerar utføre ei statleg oppgåve med nedslakting av rein, med fare for smitte, som ingen veit konsekvensane av. Skrantesjuka er frå sentrale styremakter handtert på ein måte som blir opplevd som inkonsekvent og utydeleg.

Eg vil herved oppfordre styresmaktene til å:

- Prøve å forklare kvifor årsak ikkje er eit viktig og avgjerande tema.

- Setja i gang nødvendig arbeid for å klargjera årsak snarast råd.

- Prøve å forklare inkonsekvens når det gjeld tiltak for å hindre smitteoverføring, folk – sau.

- Fortelja kva som er aktuelle scenario, dersom det blir påvist skrantesjuke på Hardangervidda.

- Fortelja kva risikovurderingar som er gjort i høve til smitteoverføring til menneske.

 Knut Arne Gurigard

Hallingdal 17.7.2017

Til toppen