TRONGT OM PLASSEN: Nye hyttefelt, vassdragsregulering og vegbygging kan skape store utfordringar for den norske villreinbestanden. ​Foto: Lars Nesse/Villreinnemnda.
TRONGT OM PLASSEN: Nye hyttefelt, vassdragsregulering og vegbygging kan skape store utfordringar for den norske villreinbestanden. ​Foto: Lars Nesse/Villreinnemnda.

– Villreinen trua av trongare område

Nye hyttefelt, vassdragsregulering og vegbygging kan skape store utfordringar for den norske villreinbestanden. 

Det viser ein ny rapport om den stadige oppdelinga av leveområda til villreinen frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), laga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Inngrep som følgje av vassdragsutbygging, nye hytter og vegar skaper uheldige barrierar for villreinstammane og trekka deira mellom ulike beite- og funksjonsområde, såkalla økologiske korridorar. Leveområde blir innskrenka, og ein reknar med at dersom villreinen delar seg opp i mindre bestandar som ei følgje av dette, vil han bli meir sårbar.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utvikle forslag til ein miljøkvalitetsnorm for villrein i 2017 og rapporten vil bli viktig som bakgrunn for arbeidet vidare.

Det er 23 ulike villreinområde med i alt rundt 35.000 vinterdyr i Sør-Noreg. Hardangervidda er størst med over 10.000 dyr, medan dei minste områda har under 100 dyr.

(©NPK)

Til toppen