BER MINISTEREN OM SVAR: Nordfjella og Fjellheimen villreinområde ber landsbruksminister Jon Geor Dale (Frp) svare på om det er gjort endeleg vedtak om at villreinstammen skal sanerast innan 1. mai neste år.
BER MINISTEREN OM SVAR: Nordfjella og Fjellheimen villreinområde ber landsbruksminister Jon Geor Dale (Frp) svare på om det er gjort endeleg vedtak om at villreinstammen skal sanerast innan 1. mai neste år. (Foto: Ole R. Sælthun/Statens Naturoppsyn)

Villreinnemnda kjenner seg haldne utanfor i prosessen rundt saneringa av villreinstamma

I eit brev til landbruksministeren ber Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd stadfeste eller avklare om det er gjort endeleg vedtak at stammen skal sanerast innan 1. mai neste år.

Lærdal: I brevet ber villreinnemnda om at ein ventar med å ta ei endeleg avgjorde om sanering til jaktresultatet er klart.

– Villreinnemnda ber om at det endelege vedtaket om fullstendig stammeavvikling inneheld ei opning for å endre planane dersom ny kunnskap tilseier at avviklinga likevel ikkje vil kunne føre til eit CWD-fritt villreinområde i framtida.

Den lokale villreinforvaltninga kjenner seg overkøyrt og haldne utanfor i prosessen rundt sanering av villreinstamma på 2000 dyr i Nordfjella. Mellom anna fekk dei først høyre om eit endringsframlegg frå Mattilsynet for ei drøy veka sidan. 

Kjenner seg utelatt

Forslaget inneberer ei formalisering av vedtaka som bestemmer full stammeavvikling, men villreinnemnda saknar moglegheita for å justere kurs etter kvart som ein får ny kunnskap i jakta. Det vert òg signalisert at nemnda ikkje vil verte inviterte til direkte innspel i forkant av at dette vert vedteke

– Som direkte berørt part undrar me oss, og synest dette står i sterk kontrast til Mattilsynet si stadige understreking av ønske om samarbeid og god dialog med lokal forvaltning og berørte partar, framsett i skriftlege dokument og i media, skriv nemnda i brevet som er signet av leiar Lars Nesse og sekretær Siri Bøthun.

Krev svar frå ministeren

Vidare er nemnda kritisk sjølve prosessen rundt saneringsvedtaket. Dei meiner fastsetjng av av fellingskvote og utvida jakttid er dei einaste gyldige vedtaka som er gjort, og dei hevdar samstundes at saneringsvedtaket er i strid med forskriftene.

– Førebels kan ikkje villreinnemnda sjå at det er fatta vedtak i korkje Mattilsynet eller departementet, som med tilvising til lovverket bestemmer at villreinstamma skal takast ut i sin heilskap.

– Me stiller oss elles undrande til samanhengen mellom departementet sitt førebelse svar til Mattilsynet i brev av 23. juni 2017, og det som vert presentert i pressa som seier at landbruksministeren allereie har fatta si beslutning. Me har korkje vorte orientert om, eller fanga opp, noko offisielt, lovheimla vedtak frå Landbruksdepartementet om full avvikling av villreinstamma.

– Handla raskt

Til NRK seier landsbruksministeren at ein må handla raskt i ei så vanskeleg sak.

– Det er gjort fleire positive funn etter jakta vart starta. Eg håpa at dette ikkje skulle vera tilfellet då me sette i gang, seier han og legg til:

– Dess lenger tid me brukar på uttaket, desse lenger tid vil me måtta ha som saneringsperiode og dess lenger tid vil me bruka på å bygga opp bestanden att. Sånn at me har ikkje moglegheit til å finna den mest ideelle løysinga. Her handlar det om å finna den minst vanskelege vegen til mål.

Til toppen