UAKSEPTABEL: Villreinnemnda og villreinutvalet i Nordfjella meiner 1. mai er ein urealistisk frist for å ha utrydda heile villreinstammen. Dei meiner perioden bør utvidast med minst eitt år.

UAKSEPTABEL: Villreinnemnda og villreinutvalet i Nordfjella meiner 1. mai er ein urealistisk frist for å ha utrydda heile villreinstammen. Dei meiner perioden bør utvidast med minst eitt år. (Foto: Arkiv)

Skrantesjuka i Nordfjella

Villreinnemnda og villreinutvalet meiner sluttdatoen for saneringa er uakseptabel

Villreinnemnda og villreinutvalet meiner perioden for stammeavviklinga bør forlengast med minst eitt år. 

Aurland: No ber dei to forvaltningsorgana for Nordfjella villreinområde om eit evalueringsmøte med Mattilsynet. Dei meiner tidsfristen 1. mai 2018 tvingar fram etisk uakseptable situasjonar og at det er urealistisk at ein blir ferdig med utryddinga til dess.

– Me tykkjer det er for tidleg med 1. mai. Bakgrunnen for det er storleiken på stammen, årstida me går i møte og erfaringane og kunnskapen mange i miljøet sit med om jakta og forholda, seier konstituert leiar i villreinnemnda Trygve Skjerdal til Porten.no.

UROA: Konstituert leiar i villreinnemnda, Trygve Skjerdal, er uroa for kva konsekvensane av ein oppstressa villreinstamme kan bli.
UROA: Konstituert leiar i villreinnemnda, Trygve Skjerdal, er uroa for kva konsekvensane av ein oppstressa villreinstamme kan bli. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Dei to organa hadde møte 2. oktober, der Statens naturoppsyn og Mattilsynet først orienterte om metodane for uttak og kva grep som vil bli gjort av omsyn til dyrevelferda.

Dyrevelferd

Villreinnemnda kan kallast eit slags talerøyr for villreinen, der dei blant anna tek omsyn til levevilkåra. Villreinutvalet er eit samarbeidsorgan for rettigheitshavarane i villreinområdet og er sett saman av representantar for både statlege og private grunneigarar. Sistnemnde står for den praktiske forvaltninga av villreinstamma.

– Det med tanke på dyrevelferda. Eg er heilt sikker på at dei som skal ta ut dyra vil gjera sitt ytste for at det blir gjort så skånsamt som mogleg, men alle veit korleis det er å jakta under slike forhold. Eg er redd for at me får ein oppstressa villreinstamme med konsekvensane det fører med seg som resultat, seier Skjerdal.

Dette er dei viktigaste grunnane

  • Det er mykje større sannsyn for å mislukkast enn for å lu kkast i å nå fristen. Vidare arbeid med stammeavvikling vil forvanskast dersom ein mislukkast og vesentleg redusere sjansen for å klare å sanere området.
  • Tidsfristen er årsaka til at kjøtet ikkje kan utnyttast som ressurs. 40 – 60 tonn kjøt er planlagt destruert av di personellet ikkje ser seg tid til å handtere det avliva dyret som slakt, trass i at logistikken knytt til kjøthandtering er fullt mogleg.
  • Det er tidsfristen som tvingar fram tilsidesetting av dyrevelferdsomsyn.
  • Tidsfristen gjer at ein ikkje får høve til å teste ut metodane og finne fram til gjennomføringsmåtar som gjev lågast grad av stress for dyra.
  • Tidsfristen tar frå oss moglegheita til å få den kunnskapen som skal trygge sjølve avgjersla om sanering. Prøvetaking frå andre villrein- og hjorteviltbestandar er pr. dato uakseptabelt låg og gjev oss ikkje innsikt i om andre bestandar kan ha sjukdomen eller ei.
  • Tidsfristen gjer at igangsette forskingsprosjekt og testmetodar under utvikling ikkje har funne fram til resultat før etter at tiltaket er gjennomført. Denne forskinga har som mål å gje forvaltinga kunnskapsgrunnlag for gode og rette avgjersler som gjeld handtering av skrantesjuka.

(Kjelde: Presseskriv frå Villreinutvalet og Villreinnemnda)

To hovudmetodar for utrydding

Han peikar også på at villreinstammen er svakast om vinteren med dårleg beitegrunnlag. Når våren kjem, vil det også vera drektige simler. 

– Det å kunne gøyma seg og rømma er vanskeleg for villreinen overfor den overmakta eit menneske i eit helikopter eller på snøskuter vil vera. 

Når den ordinære jakta sluttar i månadskiftet oktober–november, skal etter planen eit statleg fellingslag ta over. Det er to hovudmetodar dei kjem til å bruka. Det eine er å felle med jaktrifle ved hjelp av helikopter og snøskuter. Det andre er inndriving i kve etter prinsipp frå tamreindrift.

Innan 1. mai neste år skal villreinstammen vera heilt utrydda, men dei to organa saknar garantiar og planar for kva som skal skje etter den datoen.

– Me har ikkje fått garanti for at stammen skal byggjast opp att. Kva om me finn tilfelle av skrantesjuke i andre område? Er det like aktuelt å byggja denne stammen opp att i det perspektivet det er snakk om med 5–10 år? Har me garanti for at me klarar dette? Uansett utfall, skal me kunna forsvara handlingane våre, legg han til. 

Til toppen