TAR UT STAMMEN: Landbruksministeren har gjeve løyve til tilrådinga frå Mattilsynet om å ta ut heile villreinstamma i Nordfjella for å hindra spreiing av skrantesjuke.​ Foto: Ole Ramshus Sælthun.
TAR UT STAMMEN: Landbruksministeren har gjeve løyve til tilrådinga frå Mattilsynet om å ta ut heile villreinstamma i Nordfjella for å hindra spreiing av skrantesjuke.​ Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Villreinstamma i Nordfjella skal slaktast

Landbruksministeren har gjeve løyve til tilrådinga frå Mattilsynet om å ta ut heile villreinstamma i Nordfjella for å hindra spreiing av skrantesjuke.

  • Endret

Lærdal/Aurland: Det inneber at bortimot 2.200 rein – det vil seia 10 prosent av den norske villreinstamma – vil bli slakta og heile området bli lagt aude i mange år.

– Råda var heilt eintydige frå Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, og det var utslagsgjevande. Trass i at eg gong etter gong har utfordra dei på om det var nokon måte å unngå dette på, var rådet det same, seier landbruksminister Jon Georg Dale til NTB.

Han har difor bestemt at tilråding om nedslakting bør følgjast, men set nokre premissar. Fagetatane får frist til 15. juni med å utarbeida ein plan. Han skal skildra den praktiske gjennomføringa, framdriftsplanen og relevante smitteførebyggjande tiltak.

Skal ikkje skyta høgdrektige dyr

Avgjerda har vore krevjande fordi det truleg er svært få dyr som er sjuke. Fagetatane har tidlegare meint at det kan dreia seg om ein stad mellom fem og 40 dyr.

Målet er at heile villreinstamma skal vera borte innan 1. mai neste år. Dale set som føresetnad at saneringsperioden skal bli så kort som mogleg og han presiserer at omsyn til dyrevelferd skal takast vare på.

– Det betyr til dømes at ein bør unngå å ta ut høgdrektige dyr. Det er viktig at dette blir gjennomført så skånsamt som mogleg, seier landbruksministeren.

Han seier lokale forvaltarar i nokon utstrekning allereie har fått løyve til å setja i gang jakt, men at ein altså skal unngå høgdrektige simler.

Korleis avlivinga reint praktisk skal gå føre seg, er enno ikkje avklart. Spørsmålet er om så mange rein kan skytast gjennom jakt eller om ein må driva dyra inn i inngjerdingar og setja opp eit mobilt slakteri.

– Dette er spørsmål som fagetatane skal ta stilling til, seier Dale.

Plan for å byggja opp reinstamma

Det skal også utarbeidast ein konkret plan for å byggja opp att villreinstamma i Nordfjella så snart som mogleg. Det skal vurderast om det er mogleg og fagleg forsvarleg å reetablera ei stamme før det har gått fem år etter at uttaket er avslutta. Skrantesjuke har ei inkubasjonstid på to år.

Grunneigarar, beitebrukarar og berørte kommunar har gjeve innspel undervegs i prosessen, og Dale var i april på synfaring i området.

Regjeringa vil føreslå ekstraløyvingar utover det som det kan ventast at etatane sjølve finansierer. Dale viser dessutan til at det i jordbruksoppgjeret, som er under forhandling, er føreslege å bruka øyremerkte midlar. Pengane skal gå til organisert beitebruk og arbeid med å førebyggja smitte ved bruk av saltslikkestein i Nordfjella-området.

I Nordfjella blei det i fjor påvist tre tilfelle av den frykta sjukdommen Chronic Wasting Disease, eller skrantesjuke. Det er første gongen sjukdommen er påvist i Noreg og aller første gongen hos rein.

(©NPK)

Til toppen