I TRAFIKKEN: Denne veka har politiet både beslaglagt førarkort ved mistanke om promillekøyring og på grunn av mobilbruk.
I TRAFIKKEN: Denne veka har politiet både beslaglagt førarkort ved mistanke om promillekøyring og på grunn av mobilbruk. (Foto: Arkiv)

Viltpåkøyrsel, tjuveri av lykt og farleg mobilbruk

Politiet i Indre Sogn har hatt litt å stri med sjølv om det er vinterferie.

Indre Sogn: Vekas politilogg er prega av at det er vinterferie. Politioverbetjent Svein Inge Harberg, ved Sogndal lensmannskontor, kan i alle fall fortelje at det generelt har vore rolegare i regionen. 

– Det har vore mindre trykk på telefon, seier han.

Køyrde rett forbi promillekontrollen

Måndag: Midt på dagen på måndag fekk politiet inn melding om promillekøyring i Vik. Politiet rykka ut for å snakka med bilfører. Føraren fekk førerkortet beslaglagt og politiet har oppretta sak.

Måndag: Like før klokka 18:00 fekk politiet melding om eit tjuveri i Øvre Årdal. Ein person skal ha gått inn på privat eigedom og stole ei lykt. Politiet var ikkje på staden, men lykta skal ha blitt levert tilbake til eigaren etter kort tid.

Tysdag: Politiet gjennomførte tysdag morgon promillekontroll ved Ylvisåker i Sogndal. 64 førarar blei vinka inn. Det blei ingen reaksjonar. 

Onsdag: I løpet av ettermiddagen kom det inn ei melding om ein avmagra hjortekalv i Årdal. Den var ikkje påkøyrd, men skal ha oppført seg rart. Kalven vart avliva av Viltnemnda.

Onsdag: Like ved 20:00 tida blei det meldt om ein påkøyrd hjort ved Ljøsne i Lærdal. Den hadde store skader og vart avliva av Viltnemnda.

Torsdag: 41 bilførarar blei vinka inn ved Rv. 5 til promillekontroll. Alle bles grønt, men ein førar fekk førarkortet beslaglagt då han køyrde rett forbi kontrollen på grunn av at han var for oppteken med mobiltelefonen sin. Politiet har meldt saka.

Til toppen