Foto: Arbeidarpartiet.
Foto: Arbeidarpartiet.

MEININGAR

Vin til ein eldre årgang

MEINING: Det har vore eit varmt engasjement den siste veka om i etter «vin-debatten» i Balestrand. Debatten har teke føre seg om dei eldre skal få lov (eller ikkje) til å drikke vin i den kommunale omsorga. Vi tykkjer at dei må få lov til å bestemme dette sjølv, men dei fortener mykje meir enn berre det. 

Sjølv om det ikkje er kommunen si oppgåve å selja alkohol, er det faktisk kommunen sitt ansvar å behandle innbyggjarane med verdigheit og respekt. Som eldre må ein få lov til å leve livet på sin eigne premiss sjølv om ein treng heildøgns pleie på sjukeheimen. Då må ein også få lov til å ta seg eit glas med vin til maten når ein ønskjer dette. Dei som har vore med på å bygge landet vårt fortener vel såpass. 

Kvalitet i kvardagen

Ikkje minst fortener dei eit komplett tilbod, for eldreomsorg handlar om så uendeleg mykje meir enn eit vinglas til maten. Kommunen har eit viktig ansvar for å gje omsorg til alle som treng det. Målet er sjølvsagt at alle skal kunne bu lengst mogleg heime og leve livet som dei sjølve ønskjer. Men nokre vert så sjuke at dei treng heildøgns pleie og må leve resten av livet på ein sjukeheim.

Då skal kommunen syte for at dei har det bra. Dette handlar om at dei får rett helsehjelp og at dei tilsette pleiarane tid nok til kvar og ein av dei. At det vert servert god og sunn mat, som gjev dei eldre betre appetitt. Kommunen må syte for fleire møteplassar og sosiale arenaer, slik at dei ikkje er einsame. Samstundes må vi syte for at ektepar og sambuarar får bu saman på sjukeheim om det er naudsynt. 

Eit løft for eldreomsorga 

I dag må mange vente på sjukeheimsplass. Kvaliteten i eldreomsorga varierer for mykje mellom kommunane. Difor vil vi ha klare mål for kvalitet, ei meir målretta finansiering og eit betydeleg statleg bidrag for å ruste opp tilbodet over heile landet. Framover må kommunane ha tilstrekkeleg bemanning og meir variert kompetanse.

Arbeidarpartiet vil gjennomføre eit kraftig løft for den heimebaserte omsorga, slik at fleire kan få bu heime sjølv om helsa skrantar. Det er vi sjølvsagt veldig glad for. Så må vi jobbe for å få meir og tverrfagleg kompetanse i eldreomsorga som sikrar opplevingar, god ernæring og psykisk helse. Då må kommunane få midlar til å kunne tilsette personar med utdanning til å sikre dette.

Dette er eit vegval der du bestemmer

Då bør du velje ei regjering som prioriterer meir pengar til helse og eldreomsorg. Dei eldre fortenar det, dei tilsette fortener det, og dei pårørande fortener det. Vi tykkjer at det er mykje viktigare å finansiere eit løft i eldreomsorga framfor å gi fleire milliardar i skattekutt til dei rikaste i landet. Dette er eit krystallklart skilje mellom Arbeidarpartiet og Høgre. Dette er eit vegval der du bestemmer.

Hilmar Høl, Stortingskandidat 
Torbjørn Vereide, Stortingskandidat
Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen