FRANSK SOMMAR: Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø har fått drueplantene til å trivast ved Sognefjorden. No jobbar dei med å få produsert gode vinar.
FRANSK SOMMAR: Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø har fått drueplantene til å trivast ved Sognefjorden. No jobbar dei med å få produsert gode vinar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Vinbonden på Slinde: – Skjønte at det ikkje berre er å gå på samvirkelaget og kjøpa ein gjærpakke

Ei tilfeldig notis i New York Times enda opp med å spela ei avgjerande rolle for vinproduksjonen på Slinde.

Sogndal: – Det var det siste eg tenkte på då eg la meg i går, seier ein oppglødd Bjørn Bergum.

Han og sambuaren Halldis Nedrebø tek ein pust etter ein lang dag i solsteika. Omgitte av bugnande vinplanter og med utsyn over Sognefjorden gumlar dei på nokre halvtørre brødskiver. 

Dei må smila når dei mimrar om gårsdagens besøk frå danskane. På mange måtar kulminasjonen på fire års blodslit.

– Me sat her oppe først. «Det er greit no, Jakob», sa eg. «Me sit her koseleg, men no må du vera bånn ærleg når du skal smaka. Me kjenner ikkje kvarandre noko særleg førebels, så du kan seia akkurat kva du meiner. Eg lærer ingenting viss du ikkje gjer det», fortel Bergum.

Heime på garden hadde dei gjort klar to flasker, ein kvit Solaris og ein raud Regent. Dei har greidd å produsera alkohol av druene før, men denne gongen hadde dei fått hjelp til å gjera det skikkeleg. Resultatet verka lovande etter deira smak, men dei mangla nokon proffe å prøva han på.

No skulle dei få dommen. 

Gode druer, laber vin

Det er fire år sidan sambuarparet planta dei første vinrankene på Slinde. Oppunder nokre bergknausar ved fjorden fann dei den perfekte plassen.

Sidan har dei jobba for å nå målet, å produsera edle dropar av Slinde-druene. Noko du kan servera utan å skjemmast, sjølv til kresne danskar.

– Nokre gongar har me sett oss ned her når me er litt slitne, og sett for oss alt me har drive med, nedsaging av skog med ei handsag, bering i drit og leire, budleregn og sludd og naglesprett, men du gir deg ikkje, ikkje sant, fordi du har bileta av drueklasar framføre deg, seier Bergum.

Det mangla ikkje på dei som tvila, som sa at det ikkje var mogleg å dyrka druer i Sogn. Den hypotesen gjekk fort å avliva. Verre var det med vinen, den var ikkje mykje å skryta av.

– Me hadde byrja å tenka at me er nøydde til å leige ein konsulent for å hjelpa oss. Me har dårleg tid og me byrjar å bli gamle. Me får berre ein sjanse kvart år, og kan ikkje halda på slik veldig lenge, seier Halldis Nedrebø.

Ei lita notis i New York Times skulle bli redninga.

Fekk ei a-ha oppleving

Zsuzsanna Barna er frå Brighton, har fire års universitetsutdanning i vinmaking, og er spesielt interessert i druedyrking i kaldt klima.

Då ho ein dag opna New York Times kom ho tilfeldigvis over historia om galningen som hadde planta eit lite felt på 61 grader nord.

Druedyrkarane på Slinde fekk hjelpa dei trengde rett i fanget.

– Ho kom hit med forskjellige gjærtypar, måleinstrument, slangar og utstyr. Ho fann på mykje rart med vinane. Då skjønte eg at her er det ikkje berre å gå på samvirkelaget og kjøpa ein gjærpakke, he he. Me har jo gjort det, veit du, seier Bergum.

DET GODE LIV: Vinbøndene jobbar gjerne hardt, men vil ikkje stressa. Difor har dei utsett papirarbeidet dei treng for å få vinen godkjend for sal.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Slik proffane gjer det

Det danske ekteparet har sjølve bygd opp ein vingard og har produsert raudvin sidan 2012. På omvisinga vart dei imponerte over dei høge og tette vinrankene, og kor friske dei var.

– Dei reiser over heile Europa og har sett det meste. Han er dommar i vinkonkurransar, seier Bergum.

Vel tilbake i huset var det ein spent mann som skjenka i glasa til danskane. Han fekk raskt stadfesta at han det var proffar han hadde med å gjera. 

– Slrslrlsrsrlsrlsrs. Sånn byrja dei å slurpa, veit du, for å få med all aromaen. «Åja», tenkte eg, «det er sånn du skal gjera det når du skal smaka», seier Bergum og tek seg ein ny sup av det innbilte glaset.

– Slrslrlsrsrlsrlsrs.

Det vart nokre lange sekund å venta på at smaksritualet skulle ta slutt.

– Eg var veldig spent på kva som var gale, for det måtte jo vera noko som var gale, seier han.

Spansk sommar på Slinde 

Druefeltet på Slinde er det næraste du kjem ein jungel i Sogn. Det er nesten som du kan høyra plantene veksa rundt deg. Det er eit blodslit berre å halda tritt med saksa. Viss plantene blir for store vil dei skygga for kvarandre

– Dette er druevêr, seier Nedrebø og myser opp mot sola.

Slik har dei hatt det i to månader.

– Det skaut i veg rundt sjuande, åttande mai, bang avgarde. Då berre byrja det å veksa noko so jæklig. Me måtte av med fiberduken i hurten i sturten, seier Bergum.

Det kvite laget skal til vanleg beskytta plantene mot regn. Det er det lenge sidan dei såg noko til i år. Den eine druesorten dei har, påstår dei, blomstra før her enn i Sør-Frankrike,

– Den vinen me kan laga no på desse druene, den trur eg blir jækla god, seier Bergum. 

Vinane han skulle servera danskane var derimot laga i fjor.

– Det var ikkje noko kjempeår, vedgår Bergum.

Den store augneblinken

Etter å ha gitt raudvinen nokre ekstra rundar i munnen er dei klare for å avseia dommen. Det danske ekteparet held ingenting tilbake.

– Det var masse aroma, lang smak, røyk og jord og frisk luft og alt det tullet der, he he, seier Bergum.

– Og ho lirte av seg, den dama, at «det er den bedste rødvin, jeg nogensinde har smagt», prøver Bergum på sin beste dansk. 

EDLE DROPAR: Denne kvitvinen, laga på drua Solaris, er Bergum godt nøgd med.  Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det var nesten litt sjokkerande, seier han. 

Opplevinga har gitt dei ny energi til å stå på. Men enno vil det ta tid før dei kan selja vinen kommersielt, tidlegast i 2020.

Førebels har dei berre lov til å gje vekk og la vener og kjende få smaka.

– Me har tenkt at først må me sjå druene veksa, så må me laga ein skikkeleg god vin. Viss me får til det, så kan me gå vidare med det krevjande arbeidet med å fylla ut alle skjemaa, seier Nedrebø.

– No ser det ut til at vinen er i boks. Men det er ikkje hjelp i einsame svalar. Du må lesa i boka kva du gjorde, kvifor han blei så bra. No får me eit kanonår, men det betyr ikkje at vinen blir betre om me ikkje vaktar på haustetidspunktet, seier Bergum.

– Vinen kjem som ein bonus

Det er ikkje beint fram, sjølv om dei skulle koma så langt at dei får alle løyvene i orden. Fruktvin er det lov å selja på eigen gard, men EØS-regelverket set ein stoppar for å gjera det same med druevin. Volumet vert heller ikkje stort nok til at dei ser poenget med å levera til polet.

– Reknestykket er enkelt, du bør ikkje ha meir enn ei flaske per plante. Viss me har 1450 planter, så blir det 1450 flasker, forklarer Bergum.

I staden ser dei for seg å selja til hotell eller restaurantar, samt å servera på eigne tilstellingar. Dei ser nemleg for seg å invitera små grupper til gards for å oppleva korleis vinen blir til og smaka på resultatet saman med eit godt måltid.

Å laga vin er med andre ord ikkje ein sprint. Då er det godt at dei trass alt kosar seg i lag i arbeidet, sjølv om det blir nokre tunge tak.

– Den største løna er at han har fått denne draumen sin, det er heilt fantastisk.  Og alle dagane me jobbar i lag. Så kjem vinen til slutt som ein bonus, seier Nedrebø. 

Til toppen