PREMIERTE: Saman har Halldis Nedrebø og Bjørn Bergum 1500 vinplantar på vingarden på Slinde. I helga vann dei gull for vinen Lydia.
PREMIERTE: Saman har Halldis Nedrebø og Bjørn Bergum 1500 vinplantar på vingarden på Slinde. I helga vann dei gull for vinen Lydia. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Vinbønder frå Slinde vann gull på nasjonal vinskue: – Kjekt når kollegaer seier vår vin er best

Det seier Bjørn Bergum etter at han og Halldis Nedrebø vart utnemnd som Årets vinbonde under vinskue i Søgne i Kristiansand i helga.

Sogndal: Kvitvinen Lydia, som er laga på solarisdruen, fekk den rause gullmedaljen.

– Ein vil gjerne høyra frå kollegaer at ein har den beste vinen. Me kan gjerne krangla då me konkurrerer, så det var kjekt å vinna, seier han. 

Juryen bestod av fem godt kvalifiserte vinkjennarar. To av dei var frå Vinmonopolet; ein var marknadssjef og ein var sommelier (vinkelner, red.anm.). Dei tre andre var kvalifiserte vinkjennarar og vindyrkarar - kollegaer på eit vis, ifølgje Bergum. 

Utmerkingar på seks vinar 

Bergum og sambuaren Nedrebø har til saman 1500 vinplantar på garden på Slinde, og dei eksperimenterer heile tida med kva for druer som lagar god vin. 

ÅRETS VINBONDE: Bjørn Bergum og sambuar Halldis Nedrebø vann gull for kvitvinen Lydia, fekk premie for seks vinar, samt den gjeve tittelen årets vinbonde. Foto: Privat

Då dei skulle på vinskuen i Kristiansand ville dei gjerne få dømt fleire vinar. Ifølgje Bergum er det ein måte å få bekrefta om ein gjer ein god jobb. Difor stilte dei med fleire vinar til konkurransen.

Det enda i totalt seks utmerkingar, gullmedalje og tittelen som Årets vinbonde. 

– I tillegg til gullmedalje for Lydia, og fekk me såkalla Særleg utmerkelse for vinane Regent og Cabernet Cortis, medan Leon Millot, Cabernet Cantor og Bakkaholao var gode vinar og fekk godkjent, seier Bergum. 

Og såleis vart han utnemnd til Årets vinbonde, noko han ikkje legg skjul på at var stas. 

Vinen oppkalla etter barnebarnet

Bergum fortel at namnet til gullmedaljisten var langt frå tilfeldig. 

– Eg blei nyleg bestefar for første gong, til ei lita jente for ein månads tid sidan. Det er noko som me har hatt klart lenge, før ho vart fødd, at me skulle kalla ein av vinane opp etter barnebarnet, og då vart det Lydia. 

Kvitvinen laga på solarisdrua, vil for alltid heite Lydia, og det er ikkje noko som skal endra seg, sler den stolte bestefaren fast. 

Vil prøva vinane internasjonalt 

I Noreg er vinmiljøet framleis relativt ungt samanlikna med til dømes Danmark og Sverige, påpeiker vinbonden. 

I Noreg er det derimot ei forening som heite Norske druedyrkere, som har oppimot 100 medlem. 15-20 av dei er litt ekstra engasjerte, ifølgje Bergum. 

– Me ligg i startgropa for å få til eit vinmiljø. Foreninga har årsmøte ein gong i året, og der er det såkalla vinskue, som i år var i Søgne utanfor Kristiansand, der me tek med oss vinar. 

Etter suksessen i Kristiansand har Bjørn og Halldis no ønskje om å testa ut vinane i internasjonale konkurranser. Spesielt har dei sett seg ut éin, nemleg Piwi International i Tyskland. 

–  Denne gongen tenkte me at me hadde ein sjanse til å vinna, og me fekk premiert seks vinar. Så me har lyst å prøva oss i Tyskland.

Han fortel at dei har hatt besøk på Slinde av blant anna danske vinbønder som likte Lydia så godt at dei meinte me burde stilla i danske vinskuer, noko som ikkje går an, legg han til, lattermildt. 

Til toppen