FUNKIS: André Korsaksel arbeider som antikvar hos Byantikvaren og er glad i funkis-vindauga i huset sitt. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix.
FUNKIS: André Korsaksel arbeider som antikvar hos Byantikvaren og er glad i funkis-vindauga i huset sitt. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix.

Vindauge mot fortida

Det starta så smått med ein glugge i taket. I dag kan vindauget dekkje ei heil veggflate.

Ta ein kikk på vindauga i huset ditt: Har dei fleire små ruter? Har dei ytter- og innervindauge, eller er det fleire lag med glas sette saman til eitt? Er dei sidehengsla eller topphenglsa? Kva slags tremateriale er karmane laga av?

Vindauga er viktige for å kunne tidfeste byggjeåret på huset ditt. André Korsaksel, antikvar og teknisk rådgivar hos Byantikvaren i Oslo kommune, er full av entusiasme for gamle vindauge.

Vind auge

Ordet vindauge – vindu på bokmål – kjem av vind, som ifølgje André Korsaksel i Byantikvaren betyr tak, og auge/øye, som betyr opning. Opphavleg var opninga plassert i taket og sleppte ut røyken frå åren.

Glas laga dei første gongen i Egypt for 5.000 år sidan. I mellomalderen fekk ein del bygg i Noreg, særleg kyrkjer, glasvindauge, men glasproduksjon i eit større omfang vart dei ikkje her i landet før frå 1755 på Hurdal verk.

– Dette er eit byggjesett med pluggar og hengsel og hjørnejern, seier Korsaksel og peikar på eitt av vindauga sine, som han har plukka frå kvarandre, restaurert og sett saman igjen.

Artikkelen held fram under biletet.

BAROKK: Dei første vindauga med tresprosser kom i Noreg tidleg på 1700-talet. Tre eller fire ruter i breidda, to rammer ved sida av kvarandre.
BAROKK: Dei første vindauga med tresprosser kom i Noreg tidleg på 1700-talet. Tre eller fire ruter i breidda, to rammer ved sida av kvarandre.

Nye vindauge er derimot eitt samla stykke, der to eller tre glas er sette saman med eit mellomrom av luft og forsegla langs kantane. Da er det ikkje berre å byte ut enkeltdelar som er øydelagde – heile vindauget må skiftast ut.

Gode karmar og rammer

Huset Korsaksel sjølv bur i, vart bygd i 1936. Til hans store sorg var to av dei originale vindauga bytte ut med husmorvindauge på 1970-talet. Da han flytta inn, sette han inn vindauge som liknar meir på dei opphavlege vindauga.

– Eg hadde irritert meg kvar einaste dag over dei vindauga viss eg ikkje hadde gjort det, seier han.

Men utanom dei to nemnde og eitt til har alle vindauga i huset hans fått stå sidan 1936.

Stilartar

I 1936 hadde funkisstilen komme til Noreg, noko huset til Korsaksel ber preg av. Funksjonalismen la vekt på det konstruktive, det funksjonelle. Alt overflødig skulle vekk, og form skulle følgje funksjon. Vindauga på huset er tidstypiske.

– Vanlegvis utan sprosser, nøkterne, litt kjedelege vil kanskje somme meine, seier Korsaksel.

Samtidig hadde vindaugeformata da vorte friare, i staden for enkeltvindauge kunne ein ha større veggfelt i glas.

Med barokken kom dei første vindauga med tresprosser, noko som vart sett som eit stort framsteg frå blysprossene, som var vanlege tidlegare. Til å byrje med var det vanleg med små ruter, men med den såkalla empirestilen på starten av 1800-talet vart store ruter vanlegare. På denne tida vart glaset både betre og billigare.

Jugend-nostalgi

Det såkalla krysspostvindauget – med fire rammer sette inn slik at dei dannar eit kryss i midten – vart svært vanleg i mursteinshusa i Oslo frå midten av 1800-talet. Det held stand den dag i dag, om enn i nyare modellar. Etter kvart kom det stadig fleire sprosselause vindauge og store vindaugefelt.

Artikkelen held fram under biletet.

SVEITSERVINDAUGE: Tømmerbygning i Vågå, flytta til Randsverk turiststasjon i 1903, da han òg fekk heilt nye vindauge i sveitserstil med store ruter og rammer med ornament.
SVEITSERVINDAUGE: Tømmerbygning i Vågå, flytta til Randsverk turiststasjon i 1903, da han òg fekk heilt nye vindauge i sveitserstil med store ruter og rammer med ornament.

– Store ruter var dyre og vanskelege å lage, men teknologien betra seg over tid, og rutene vart større og billigare, fortel Marte Boro, seniorrådgivar hos Riksantikvaren.

Rundt 1900 vart jugendstilen moderne.

– Det er vel kanskje jugendvindauget og nybarokkvindauget som skil seg ut, fordi det var første gong ein ikkje prøvde å få til stadig større ruter. Med jugendvindauget tok ein opp igjen smårutene. Det er vel ei form for nostalgi, seier ho.

Etter krigen blir det vanskelegare å plassere dei ulike vindaugetypane i båsar, fortel Korsaksel, men trekkjer fram det såkalla husmorvindauget frå 1960-talet, som kan vippast ut og snuast rundt sin eigen akse. Slik vart vindaugevasken for husmødrene svært mykje lettare.

Kan søkje støtte

I arbeidet sitt får Korsaksel av og til tips frå naboar til hus der vindauga blir skifta ut. Da sjekkar han om reguleringsplanen er følgd. Viss det er snakk om ei «vesentleg fasadeendring», tar han saka vidare til plan- og bygningsetaten.

Han minner om at det er rom for å søkje om støtte frå kommunen til å restaurere gamle vindauge.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT OG GAMMALT: Feil farge og breiare rammer og karmar gjer at Riksantikvaren reagerer mot desse nye vindauga.
NYTT OG GAMMALT: Feil farge og breiare rammer og karmar gjer at Riksantikvaren reagerer mot desse nye vindauga.

– Vindaugerestaurering er ypparleg å søkje om tilskot til. Dei som tar vare på originale bygningsdelar, blir prioriterte, fortel han og håper fleire vil bevare dei gamle vindauga sine.

– Eit hundre år gammalt vindauge held med normalt vedlikehald i hundre år til, seier han.

Kjelder: Store norske leksikon: Funksjonalisme

Byantikvarens informasjonsark nummer 3, mai 2002.

Vindauge, i Store norske leksikon. (©NPK)

Til toppen