Vindauge på hus røska opp
(Foto: Illustrasjon)

Vindauge på hus røska opp

Dette måtte politiet rykke ut på i Sogn i natt.

Sogn: Politiet har hatt fleire hendingar dei har måtte ordne opp i løpet av natta. Mellom anna fekk dei melding klokka 02.30 om skadeverk på eit hus i Sogndal.

Vindauget på huset hadde blitt røska opp, men ingenting var stjelt frå bustaden. 

I Øvre Årdal har ein hund klart å kome seg laus i natt. Hunden vart tatt vare på av privatpersonar og politiet ber eigar melde seg. Hunden er mellomstor og kvit med flekkar på brust og potar.

Politiet har fått fleire UP-patruljar til Vestlandet, og i Lærdalstunnelen var ein av dei i aksjon. 

27 køyretøy vart kontrollert i aksjonen, men ingen gav utslag. 

Til toppen